Faar meir kraft ut av kvar drope
MODERNE TIDER: Verkstyrar Peder Johansen og maskinist Matias H. Bjørdal i Bjørdal kraftverk i Ørsta på slutten av 1930-talet. No skal utstyret skiftast ut og gi ekstra straum frå vatnet som renn gjennom kraftverket.
Nytt

Får meir kraft ut av kvar drope

Tussa investerer mellom 110 og 130 millionar kroner i å utbetre fire eldre kraftverk. 

09.02.2015
Det eldste kraftverket, i Bjørdal i Ørsta, er rundt 80 år gamal. Både der, og for kraftverket på Vartdal er det langt på veg snakk om eit nesten nytt anlegg. For dei langt større kraftverka, på Bjørke i Hjørundfjorden og Åmelfoten i Dalsfjorden, er det snakk om relativt mindre utbetringar av utstyret.
Men effekten er stor. Utan at det renn ein einaste dråpe ekstra gjennom dei fire anlegga gir utbetringa rundt 25 GWh ekstra. Det er ein produksjonsauke som er stor nok til å dekkje kraftbehovet til rundt 1200 husstandar, og utgjer ein ekstra produksjon på knappe seks prosent.
Spesielt stor er verknaden for dei to eldste anlegga. Dei har ein produksjon på knappe 37 GWh, og vil auke produksjonen med rundt 10 GWh med moderne utstyr.

Må gjerast

-Vi har ein del eldre kraftverk og ein del av dei står for tur til å gjerast noko med, seier konsernsjef Elling Dybdal i Tussa.
Utgangspunktet for investeringa på mellom 110 og 130 millionar kroner er at den er naudsynt for å sikre at kraftverka ikkje går i stå. Men når jobben først må gjerast er den ekstra straumproduksjonen som kjem med på kjøpet ein kjærkomen gevinst.
- Når ein gjer noko så ønskjer ein at dei komponentane ein skifter ut har ein verknadsgrad som er up to date, seier Dybdal.

Grøne sertifikat

Målet er at alle anlegga skal vere ferdig utbetra og i produksjon før 2020, slik at utbetringa og den ekstra straumproduksjonen kjem inn under den såkalla grøne sertifikat-ordninga.
Ordninga skal stimulere til ekstra produksjon av fornybar energi, og gir leverandørane eit tilskot på 15-18 øre ekstra pr kWh i tillegg til den ordinære kraftprisen - i 15 år framover. Kravet for å bli omfatta av ordninga er at utbyggingane er gjort og anlegga sett i drift i 2020.
Ordninga blir finansiert over straumrekninga, slik at alle straumkundar er med og betalar for ordninga.

100 millionar på vent

Tussa har fått klarsignal for utbygging av tre småkraftverk, i Osdalen i Volda og på Trandal og Skarbø i Hjørundfjorden. Til saman er det snakk om investeringar på rundt 100 millionar kroner.
Ei avgjerd om desse kraftverka skal byggjast eller ei er førebels ikkje teken. Også desse utbyggingane vil bli omfatta av den grøne sertifikatordninga, så sant anlegga er i produksjon i 2020.
Når ein gjer noko så ønskjer ein at dei komponentane ein skifter ut har ein verknadsgrad som er up to date

Publisert: 09.02.2015 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41