
Nettverk blir spurt om hjelp til å finne styrekandidatar
Mange selskap er på jakt etter nye kvinner til styrene sine.
Fleire hundre bedrifter berre på Nordvestlandet er omfatta av nye reglar for styresamansetting.
Dei krev mellom anna at bedriftsstyrer skal ha minst 40 prosent av både kvinner og menn – og har ført til at ein rekke selskap har vore nøyd til å gjere endringar.
Fleire ber om hjelp
Styreleiar Emma Lausund i nettverket KIN – Kvinner i næringslivet – fortel at endringane har ført til at dei har fått fleire førespurnader om å hjelpe til med å rekruttere fleire kvinner til styrearbeid.
– Det er eit stort behov og vi har fått førespurnader om å vere eit slags formidlingsorgan for kvinner som kan vere interessert i slikt arbeid, fortel ho til Nett No.
Det er også bakgrunnen for at nettverket arrangerer ei samling med kvinner i leiing som tema torsdag kveld på Pir i Ålesund.
Panelsamtale med leiarar
– Vi ønsker å gi meir innsikt i kvinner og styrearbeid, og vil ha ein panelsamtale med fleire kjente kvinnelege leiarar frå regionen som kan fortelje om sine erfaringar, fortel Lausund.
Kristin Solevåg frå advokatfirmaet Sands vil leiar samtalen, der mellom anna påtroppande Vard-sjef Cathrine Kristiseter Marti og tidlegare ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal deltek.
Det same skal Sands-advokat Maria Elena Kvalen og Øverbø Gjørtz-advokat Elisabeth Elliot Midtgård.
– Vi vil gi meir innsikt i kva som krevst og gi ein god inngang til dei som vil melde si interesse for styrearbeid, seier Lausund.
Mange veit ikkje kvar dei skal leite
På heimesida til KIN-nettverket er det laga ei eiga fane der interesserte kan fylle ut informasjon som blir brakt vidare til valkomitear som har teke kontakt med nettverket.
Nettverksleiaren er ikkje i tvil om at behovet er betydeleg.
– Vi får høyre at veldig mange selskap ikkje veit kvar dei skal leite etter kandidatar, legg ho til.
Dei nye krava tok til å gjelde frå 1. januar i år.
Publisert: 23.05.2024 15:59
Sist oppdatert: 23.05.2024 18:27