Tidlegare Ulstein-sjef ny Vard-topp
Cathrine Kristiseter Marti skal leie det største skipsbyggingskonsernet på Nordvestlandet.
- Etter nokre vanskelege år har Vard-gruppen endeleg nådd ein sunn forretningsposisjon. No er eg veldig glad for å kunne gi roret til Cathrine for neste fase av reisa, som eg er sikker på vil gi ei enda lysare framtid for Vard og Fincantieri, seier avtroppande Vardsjef, Alberto Maestrini i ei pressemelding.
Kristiseter Marti gjekk av på dagen som konsernsjef i Ulstein Group i november 2023, etter at ho hadde takka ja til ei ny mogleheit utanfor konsernet, fortalde Ulstein Group i ei pressemelding.
No er det klart kven Kristiseter Marti takka ja til.
I ei pressemelding frå Vard seier Kristiseter Marti at ho er «beæra og stolt» over å ta over som konsernsjef i Vard, og at ho er trygg på at ho saman med kompetente og engasjerte kollegaer skal sjå vekst og verdiskaping for aksjonærane.
– Eg har ingen kommentarar ut over det som står i pressemeldinga på dette tidspunktet, skriv Marti i ei melding til Nett No.
Frå finansdirektør til konsernsjef
Kristiseter Marti var finansdirektør i Ulstein Group fram til ho vart tilsett som toppsjef, då Gunvor Ulstein varsla sin avgang i 2020.
– Vi har jobba godt i lag i seks år – og har Cathrine éin eigenskap som er veldig bra – ho tør å utfordre Tore og meg, sa Gunvor Ulstein ved leiarskiftet.
Då Kristiseter Marti gjekk av i fjor haust gjorde Gunvor Ulstein comeback som Ulstein Group-sjef.
Tunge år for skipsbygging
Fram til 13. november 2016 var det italienske skipsbyggingskonsernet Fincantieri største aksjonær i Vard, med 55,56 prosent av aksjane. Då baud Fincantieri på alle aksjane.
Sett frå Fincantieri si side, var truleg det å kjøpe ut resten av eigarane det minst risikable alternativet for å ta vare på si investeringa i Vard. Det tok langt lenger tid enn Fincantieri hadde sett for seg, men sakte og sikkert plukka Fincantieri aksjar i Vard.
I oktober 2018 hadde Fincantieri fått kontroll over 95,99 prosent av aksjane og melde at Vard skulle strykast frå notering på børsen i Singapore. Då var Vard for alle praktiske formål eit reint datterselskap i Fincantieri-konsernet.
Fincantieri har stilt opp med milliardlån og garantiar i åra etterpå. Det har halde Vard flytande etter den langvarige nedturen, etter at marknaden for bygging av offshorefartøy for olje- og gassbransjen klappa saman som følgje av oljeprisfallet i 2014.
Ulstein-samarbeid
Maestrini har hatt jobben som Vard-sjef sidan 2020. Han kom frå Vard-eigar Fincantieri.
Ifølgje pressemeldinga skal Maestrini halde fram som styreleiar i Vard og framleis støtte samordninga mellom Vard og Fincantieri, gjennom å leie offshore- og spesialfartøyverksemda i Fincantieri, ifølgje pressemeldinga.
Med Maestrini som Vard-sjef og Kristiseter Marti som Ulstein Group-sjef, har dei to konserna alliert seg for å konkurrere om å få rammeavtalen for modifikasjon og vedlikehald av dei norske fregattane.
– Vard har erfaring og kompetanse knytt til bygging og vedlikehald av marine fartøy, medan Ulstein Verft har dokkfasilitetar, og begge selskapa har ei gunstig geografisk plassering på kysten av Nordvestlandet, i kort avstand frå kvarandre og i nærheita av ei rekke leverandørar, sa verftsdireketør Ronny Opsjøn Langset ved Vard Langsten då samarbeidet vart kunngjort i mars 2023.
Vard/Ulstein nådde ikkje opp i konkurransen om fregattvedlikehaldet. Det gjekk til Kongsberg-gruppen/Westcon/Coast Center Base, men framover ventar nye moglege oppdrag for Forsvaret.
Ordreflaum
I fjor strøymde det på med nye oppdrag til Vard-konsernet, som tidlegare i år varsla at det måtte ha fleire folk for å få arbeidet unna - også på verfta og dei andre Vardselskapa på Nordvestlandet.
– I tillegg til rekrutteringa vi gjorde i 2023, må vi tilsette nærare 150 nye medarbeidarar i Noreg i løpet av 2024. Vi treng både produksjonsarbeidarar og ingeniørar i alle selskapa våre; Vard Electro, Vard Interiors, Seaonics, Vard Design, og på de tre verfta våre, sa Vardsjef Alberto Maestrini i ei pressemelding i januar i år.
Betring - men framleis minus
Vard offentleggjer ikkje lenger eigne konserntal, etter at det vart eit datterselskap av Fincantieri.
Den førebelse årsrapporten til Fincantieri for 2023 viser at lønsemda held fram med å betre seg hos Vard, sjølv om det framleis er minus.
Fincantieri rapporterer om forretningsområdet offshore og spesialskip og forretningsområdet skipsbygging.
Forretningsområdet offshore og spesialskip er ei reindyrka Vard-verksemd,. Det omfattar alt frå fiskebåtar og marinefartøy, til offshorefartøy og vindkraftindustrien og hadde minus 53 millionar euro i driftsresultat før av- og nedskrivingar i fjor.
Vard byggjer også mindre cruiseskip. Det er ein del av forretningsområdet skipsbygging, som omfattar både Fincantieri- og Vard-verft. På grunn av ordretørken i cruisemarknaden, er det forretningsområdet offshore og spesialskip som sto for både ordreinngang og resultat til Vard-verfta i 2023.
Publisert: 03.04.2024 10:35
Sist oppdatert: 03.04.2024 14:53