- Dette har eg stor tru på. Alt ein treng er eit nettbrett og ein TV-skjerm for å vise alle produkta.
- Her kan du velje og vrake berre ved eit enkelt tastetrykk.
Lokala til Rørservice Ulsteinvik i Saunesmarka er ikkje overfylt av utstillingsmodellar, produkt og katalogar. Litt finst, men det er i godstolen framfor TV-skjermen at dei fleste av produkta skal finnast og testast.
- For det første er det umuleg å ha 5000 produkt inne til eikvar tid, og for det andre vert dei ein har inne fort forelda.
- I staden har vi samla alt interaktivt, seier Gjerde.
- Vi er først i landet, men eg er sikker på at dette er måten å gjere det på.
- Vi har kanskje ei lita utfordring med dei over 60 som ikkje er så van med interaktive løysingar, men eg trur at den delen også skal gå greit.
- Her kan du slappe av med ein kaffi framfor TV-skjermen, og byggje opp draumebadet ditt.
Via nettbrett kan ein velje i mange ulike modellar og prisvariantar i baderomsmøblar, badekar, toalett, dusjar, kraner og fliser.
- For mange av produkta har vi også video, slik at ein kan sjå korleis dei fungerer i praksis.
- Berre innanfor fliser har ein 1050 variantar å velje mellom, seier Gjerde.
For dei kundane som vil, utarbeider Rørservice ei 3D-teikning av badet.
- På denne måten kan kundane så å seie gå inn i sitt eige bad og sjå det frå innsida.
- Vi ønskjer å vere miljøvenlege og innovative.
- Eg har fått mykje inspirasjon og gode råd frå andre i den maritime klynga. Det har vore svært verdfullt, seier Gjerde.
Han legg ikkje skjul på at nysatsinga har kosta.
- Ja, men dette har vi så stor tru på at vi måtte berre gjennomføre det. Då gjer vi det også skikkeleg.
- Målet er å vekse vidare. Mellom anna planlegg vi å etablere oss i Spjelkavik, seier Gjerde.
- Eg har mykje å takke far min for, som har sørga for at vi har god økonomi og som er så visjonær at han let meg gjere dette.
Opphavet er tydeleg i bedrifta der ei rekkje veggar er tapetsert med bilde frå Gjerdsvika. Ved inngangen er det ein moderne dusj, forma som ein lampe med eit lys inni, der dusjstrålane treff små og store rullesteinar henta frå nettopp Gjerdsvika.
- Vi er stolte av bakgrunnen vår. No er vi klare til å ta eit stort steg vidare, sier Frode Gjerde framfor nysatsinga 18. februar.
- Her kan du velje og vrake berre ved eit enkelt tastetrykk.
Lokala til Rørservice Ulsteinvik i Saunesmarka er ikkje overfylt av utstillingsmodellar, produkt og katalogar. Litt finst, men det er i godstolen framfor TV-skjermen at dei fleste av produkta skal finnast og testast.
- For det første er det umuleg å ha 5000 produkt inne til eikvar tid, og for det andre vert dei ein har inne fort forelda.
- I staden har vi samla alt interaktivt, seier Gjerde.
Eksklusiv avtale
Han har sjølv utvikla og eig det nye konseptet, og fått ein eksklusiv avtale med Bademiljø til å teste det ut i to år.- Vi er først i landet, men eg er sikker på at dette er måten å gjere det på.
- Vi har kanskje ei lita utfordring med dei over 60 som ikkje er så van med interaktive løysingar, men eg trur at den delen også skal gå greit.
- Positiv oppleving
Han seier at det viktige er at kunden skal få ei positiv oppleving i ei avslappande atmosfære.- Her kan du slappe av med ein kaffi framfor TV-skjermen, og byggje opp draumebadet ditt.
Via nettbrett kan ein velje i mange ulike modellar og prisvariantar i baderomsmøblar, badekar, toalett, dusjar, kraner og fliser.
- For mange av produkta har vi også video, slik at ein kan sjå korleis dei fungerer i praksis.
3D-teikna bad
Ved enkle tastetrykk, kan ein gjere dei endringar og tilpassingar ein ønskjer – og kva lommeboka toler.- Berre innanfor fliser har ein 1050 variantar å velje mellom, seier Gjerde.
For dei kundane som vil, utarbeider Rørservice ei 3D-teikning av badet.
- På denne måten kan kundane så å seie gå inn i sitt eige bad og sjå det frå innsida.
Miljøsatsing
Butikken til Rørservice er godt synleg frå vegen ettersom ei stor vindmølle er med å bidra til straumforsyninga. Det same er taket som er fullt av solcellepanel.- Vi ønskjer å vere miljøvenlege og innovative.
- Eg har fått mykje inspirasjon og gode råd frå andre i den maritime klynga. Det har vore svært verdfullt, seier Gjerde.
Han legg ikkje skjul på at nysatsinga har kosta.
- Ja, men dette har vi så stor tru på at vi måtte berre gjennomføre det. Då gjer vi det også skikkeleg.
Spjelkavik neste
Etter oppkjøpet av Uri & Sønn i Sykkylven, tel Rørservice 48 tilsette fordelt på 21 i Ulsteinvik og 27 i Sykkylven. Rørservice er dermed største rørleggarbedrifta i Møre og Romsdal.- Målet er å vekse vidare. Mellom anna planlegg vi å etablere oss i Spjelkavik, seier Gjerde.
Takkar faren
43-åringen har sjølv arbeidd i bedrifta sidan han var 16 år, siste ni åra som administrerande direktør, då han overtok ansvaret etter faren Palmar Gjerde, som starta Rørservice i 1972 – då i Gjerdsvika i Sande.- Eg har mykje å takke far min for, som har sørga for at vi har god økonomi og som er så visjonær at han let meg gjere dette.
Opphavet er tydeleg i bedrifta der ei rekkje veggar er tapetsert med bilde frå Gjerdsvika. Ved inngangen er det ein moderne dusj, forma som ein lampe med eit lys inni, der dusjstrålane treff små og store rullesteinar henta frå nettopp Gjerdsvika.
- Vi er stolte av bakgrunnen vår. No er vi klare til å ta eit stort steg vidare, sier Frode Gjerde framfor nysatsinga 18. februar.
Her kan du slappe av med ein kaffi framfor TV-skjermen, og byggje opp draumebadet ditt
Publisert: 12.02.2016 10:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53