Dersom innbyggjarane brukar eFaktura får dei ein rabatt på 25 kroner på kvar rekning, opplyser kommunen i ei pressemelding torsdag.
– Den vanlegaste måten å få til slike overgangar er å påleggje gebyr til alle som ikkje gjer slik vi vil. Vi ønskjer heller å premiere dei som hjelper oss, enn å straffe dei som ikkje går over til eFaktura, seier rådmann Andreas Chr. Nørve i pressemeldinga.
Ved å få folk over på e-faktura vil Vanylven på sikt spare store summar på administrasjon, og kan bruke meir pengar på å gi enda betre tenester til innbyggjarane.
- Ifølgje våre undersøkingar er vi den første kommunen i landet som gir rabatt på kommunale rekningar som blir betalt med eFaktura.
– Når eg ser kor mykje dette kan utgjere for oss, tenk då kor mykje dette kan ha å seie i dei folkerike kommunane, seier rådmannen.
Ifølgje berekningar frå Visma Consulting, vil innføring av obligatorisk eFaktura åleine gi ei årleg innsparing på rundt 27 milliardar kroner.
Heile 164 millionar papirfakturaer blir sende i posten kvart år.
– Utfordringa til no har vore å utvikle økonomisystem til også å handtere rabattar og ikkje berre gebyr, men Vanylven har no saman med gode samarbeidspartnarar klart å løyse dette nybrottsarbeidet, seier rådmann Nørve.
Kommunen er i dialog med Sparebanken Møre for å sjå om det kan finnast måtar slik at også drei som ikkje er på nett kan nyte godt av prisreduksjonen.
– Den vanlegaste måten å få til slike overgangar er å påleggje gebyr til alle som ikkje gjer slik vi vil. Vi ønskjer heller å premiere dei som hjelper oss, enn å straffe dei som ikkje går over til eFaktura, seier rådmann Andreas Chr. Nørve i pressemeldinga.
Ved å få folk over på e-faktura vil Vanylven på sikt spare store summar på administrasjon, og kan bruke meir pengar på å gi enda betre tenester til innbyggjarane.
Smartare
Rådmann Nørve viser til at Vanylven er ein liten kommune som heile tida er på leiting etter smartare måtar å jobbe på.- Ifølgje våre undersøkingar er vi den første kommunen i landet som gir rabatt på kommunale rekningar som blir betalt med eFaktura.
– Når eg ser kor mykje dette kan utgjere for oss, tenk då kor mykje dette kan ha å seie i dei folkerike kommunane, seier rådmannen.
Milliardbeløp
Kommunen viser til næringsminister Monica Nærland som har opplyst at samfunnet spare milliardbeløp i administrasjon ved å gå over til eFaktura.Ifølgje berekningar frå Visma Consulting, vil innføring av obligatorisk eFaktura åleine gi ei årleg innsparing på rundt 27 milliardar kroner.
Heile 164 millionar papirfakturaer blir sende i posten kvart år.
– Utfordringa til no har vore å utvikle økonomisystem til også å handtere rabattar og ikkje berre gebyr, men Vanylven har no saman med gode samarbeidspartnarar klart å løyse dette nybrottsarbeidet, seier rådmann Nørve.
Kommunen er i dialog med Sparebanken Møre for å sjå om det kan finnast måtar slik at også drei som ikkje er på nett kan nyte godt av prisreduksjonen.
Vi ønskjer heller å premiere dei som hjelper oss, enn å straffe dei som ikkje går over til eFaktura
Publisert: 11.05.2017 19:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09






