Det er snakk om «ein betydeleg» kontrakt, seier Hans Owen Thunem i Optimar. Han er ansvarleg for sal til oppdrettsbransjen verda over.
Det er Finnsnes Dykk & Anleggservice som skal ha det nye fartøyet. Det skal byggast av Fitjar Mekaniske Verksted for å kunne brukast både som bløggebåt og som servicesfartøy til oppdrettsanlegg.
Første siden lakseskatten kom på bordet
Optimar skal levere bløggeanlegget om bord. Ein bløggebåt blir brukt til å avlive fisken i det den blir lasta ombord, før den blir frakta til slakteriet. Bløggebåtar er eit alternativ til brønnbåtar, som fraktar fisken levande fram til slakteriet.
Ifølgje Thunem er dette er den første kontrakten for eit slikt anlegg som Optimar har inngått sidan den såkalla grunnrenteskatten på oppdrettsselskapa blei varsla av statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og dåverande finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i september 2022.
– Byrja å lysne litt igjen
Før grunnrenteskatten kom - som er ein ekstraskatt på oppdrett i sjø - var det stor investeringsvilje hos oppdrettselskapa.
– I forkant peika alle piler opp. Det såg veldig, veldig lyst ut, seier Thunem.
No frå årsskiftet har det byrja å lysne litt igjen. Optimar har mellom anna skrive kontrakt på fleire anlegg på Optiflush. Det er eit avlusingsanlegg for lakselus, som både kan stå åleine, eller brukast som det siste leddet i i ulike typar avlusingsbehandling.
Berre på vent
Då oppdrettsskatten kom, tørka marknaden for leverandørane av utstyr og anlegg til oppdrettsbransjen inn.
Det positive, sett frå Optimar og andre leverandørar til oppdretttsnæringa si side, er at mange oppdrag berre vart sett på vent då skatten kom.
– Lite er kansellert, seier Thunem.
Publisert: 19.02.2025 15:22
Sist oppdatert: 19.02.2025 20:34