NTB y P Lx6 BYW Ao U 1
HANDEL: Nordmenn handlar framleis nok til å halde økonomien i gang, men gjeldsveksten fell. No ventar ein ny renteauke, trur ekspertar. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nytt

Fall i gjeldsveksten og stabile BNP-tal: – No skal renta opp igjen

Gjeldsveksten til nordmenn fell unormalt mykje, men det er ingen teikn til at økonomien stuper.

23.11.2023

(NPK-NTB-Snorre Schjønberg): – Hovudinntrykket er at økonomien greier seg godt, seier DNBs sjeføkonom Kjersti Haugland til NTB.

– Dagens tal kjem ikkje til å endre den planen som Noregs Bank opphavleg hadde, nemleg å heve renta ein gong til i desember, seier Haugland.

Også økonomar Dagens Næringsliv og E24 har snakka med, trur renta no skal opp.

– Mjuk landing
Gjeldsveksten dei siste tolv månadene er på 3,7 prosent, eit fall på heile 0,4 prosentpoeng frå september. Statistisk sentralbyrå kallar det unormalt og seier det viser at stram pengepolitikk har ein effekt.

– Dette er utruleg interessante tal. Vi ser tydeleg at den auka renta byrjar å bite godt. Bustadlånsveksten er nede i 3,5 prosent, som er det lågaste sidan 1995, seier sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank.

Han er ikkje heilt overtydd om at renta bør opp på neste møte, men trur Noregs Bank kan ha låst seg til masta. Prisveksttalet som kjem rett før rentemøtet, kan avgjere mykje.

– Viss inflasjonstalet er lågt må dei snu. Viss det blir passe lågt kan dei velje ikkje å snu, sjølv om dei burde. Viss det blir høgt, kan dei stå fast ved renteauken, seier Knudsen til NTB.

– Renta skal ned
– Det viktige er at vi nærmar oss rentetoppen. Vi går inn i eit nytt år der renta mest sannsynleg skal gå ned. Det er lys i enden av tunnelen, seier han.

Tala for bruttonasjonalprodukt for Fastlands-Noreg viser at det ikkje fører til ei uønskt, kraftig nedkjøling av økonomien. BNP-talet auka med 0,1 prosent.

Berre éin gong tidlegare på 2000-talet har gjeldsveksten vore under 4 prosent, og det var i mars 2010 då han låg på 3,9 prosent. Denne perioden er altså det lågaste nivået på gjeldsveksten i løpet av 2000-talet.

Til saman har vi gjeld på 7,2 billionar kroner (7.200 milliardar).

Ikkje noko stup
Kostnaden ved å ha lån aukar med rentenivået, medan også høgare prisar gjer det mindre attraktivt å ta opp lån.

– Når gjeldsveksten fell, er jo spørsmålet alle stiller seg om vi no har komme til eit kraftig omslag i norsk økonomi der vi ser at aktiviteten fell, så vi kan vente ei uønskt kraftig nedkjøling av norsk økonomi, seier Haugland.

Det ser vi altså ikkje.

– Nasjonalrekneskapen er litt svakare enn det Noregs Bank hadde sett for seg, men vi meiner at det likevel ikkje er nokre teikn til eit stup i økonomien, seier Haugland.

– Eg vil karakterisere dette som ei mjuk landing for norsk økonomi, legg ho til.

Trur forbruket fell
Samtidig kan det kraftige fallet i gjeldsveksten frå september til oktober, antyde at forbruket går endå meir ned i fjerde kvartal. Det kan på sikt påverke BNP-talet òg.

– Vi trur på fall i forbruket, men ikkje eit stup. Styrken i nedgangen er viktig, seier Haugland.

Samtidig viser SSBs tal at det er vekst i jobbar etter to månader med nedgang.

– Det eg var mest spent på er jobbveksten, der var det positive teikn, seier Knudsen.

Publisert: 23.11.2023 09:39

Sist oppdatert: 23.11.2023 10:32