Briksdal Adventure foto Briksdal Adventure
OLDEN: Cruiseturistar er framleis den viktigaste marknaden for reiselivsselskapet som snart har vore i drift i 30 år. Samtidig har dei utvida tilbodet mot andre reisande - og fått vekst. Foto: Briksdalen Adventure
Nytt

Familieselskap held koken på nytt nivå

Satsing på heilårsdrift ga nytt rekordår for aktivitetsselskap i Stryn.

Marius Rosbach
23.09.2025

Briksdal Adventure la bak seg eit nytt rekordår i fjor, viser rekneskapen som no er offentleg. 

Aktivitetsselskapet som er eigd av far og son, Frode og Ruben Briksdal, tilbyr turar for besøkande med utgangspunkt i Stryn-bygda Olden. 

Reiselivsfirmaet har gått frå å satse berre på cruiseturistar, til å sikte seg inn mot heilårsturisme, inkludert den norske marknaden. 

Kraftig vekst i inntektene
Satsinga har gjort at inntektene har skote i veret i kjølvatnet av koronapandemien. Selskapet som blei starta i 1996 hadde drygt fire millionar kroner i omsetning før pandemien slo til. 

I 2022 gjorde inntektene eit hopp til over 8 millionar. I fjor nådde omsetninga over 11 millionar kroner og ny rekord. Resultatet før skatt enda i fjor med eit nytt overskot på knappe 200.000 kroner (sjå tabell under).

Briksdal Adventure AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt11,310,5
Driftsresultat0,60,6
Resultat før skatt0,20,3

Opptil 25 tilsette i høgsesongen
Frode Briksdal som er dagleg leiar i selskapet fortalde til Nett No i fjor at cruiseturistane framleis er berebjelken for verksemda, men at dei var på god veg til å lukkast med heilårsdrift. 

Satsinga skjer under Olden Active-paraplyen og inkluderer Mølla Gjestehus ved cruisekaia i Olden. 

Firmaet hadde fem årsverk i arbeid i snitt i løpet av fjoråret. I høgsesongen har dei opptil 25 tilsette i arbeid. 

Turistane kan velje mellom guida turar i kajakk, på Briksdalsbreen, eller med RIB-båt på fjorden. Dei kan óg utforske naturen på eiga hand med å leige kajakk eller syklar. I fjor utvida selskapet tilbodet til el-syklar, som vart ein suksess, ifølgje Briksdal. 

Publisert: 23.09.2025 09:24

Sist oppdatert: 23.09.2025 09:27

Mer om