Fra makrellfiske 2019 NSS 05441 1 foto roar bjanesoy norges sildeslagslag
FANGSTEN SIKRA: Samla sett har makrellfiskarane sikra seg den kvoten dei må ta i norske farvatn, ifølgje Norge Sildesalgslag. Illustrasjonsfoto: Roar Bjånesøy/Norges Sildesalgslag
Nytt

Faren over for makrellfisket

Det blir ingen repetisjon av fjorårets tresifra milliontap for fiskarane.

06.09.2024

I 2023 gjekk norske fiskarar glipp av 170-180 millionar kroner i inntekt fordi dei ikkje greidde å fiske opp heile makrellkvoten.

Etter ein dårleg start på makrellsesongen i august, der fiskarane sleit med dårleg vêr og at makrellen sto spreidd, har dei siste vekene vore gode.

Salsleiar Kenneth Garvik i Norges Sildesalgslag seier han reknar med at det er råd å sjå at skuldrane har senka seg hos deltakarane på Fiskebåt Vest sin konferanse i Ålesund fredag.

Fangsten i boks
I 2023 hadde Noreg og Storbritannia ein avtale som sikra norske fiskarar ein rett til å ta omlag 60 prosent av kvoten sin i britiske farvatn. Resten, omlag 40 prosent, må fiskast i Noreg.

Slik er det i år også. Men 26. august var berre 20 prosent av makrellkvoten fiska.

Det er skilnadar mellom fartøya, men flåten har samla sett fiske om lag 40 prosent til no, i følgje Garvik.

Dermed unngår fiskarane tabben frå i fjor, då dei venta for lenge med å starte makrellfisket. Konsekvensen då var at dei ikkje greidde å ta heile den delen av kvoten som måtte fiskast i Noreg, fordi makrellen hadde sumt sin veg.

Dei siste åra har vandringsmønsteret til makrellen vore slik at første del av fisket forgår i norske farvatn, og deretter lenger vest. Det har gjort at det er om å gjere å sikre seg den delen av kvoten som må fiskast i Noreg, før makrellen vandrar inn i britisk sone.

Kvotekutt
Statusoppdatering for årets makrellsesong står på programmet når Fiskebåt Vest samlar medlemane til fiskerikonferanse i Ålesund fredag.

Det gjer også kvoteutsiktene for kvitfiskeartar, som torsk, sei og hyse og for pelagiske artar som sild og makrell.

Spesielt for den økonomisk viktige torsken er det ei stor, negativ endring, med eit kraftig kutt i torskekvoten for tredje år på rad neste år.

Fiskebåt Vest er eit regionlag i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt, som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten.

Publisert: 06.09.2024 11:30

Sist oppdatert: 06.09.2024 13:31

Mer om