Fra makrellfiske foto Roar Bjanesoy Sildelaget
PÅ ETTERSKOT: Spreidd makrell og dårleg vêr har gjort at starten på makrellsesongen ikkje har blitt som fiskarane hadde håpa på. Illustrasjonsfoto: Roar Bjånesøy; Norges Sildesalgslag
Nytt

Dårleg start på makrellfisket

Resultatet har ikkje stått i stil med innsatsen, seier salsleiar Kenneth Garvik i Norges Sildelsalslag om starten på makrellfisket i haust.

26.08.2024

I 2023 gjekk norske fiskarar glipp av 170-180 millionar kroner i inntekt fordi dei ikkje greidde å fiske opp heile makrellkvoten sin, anslo Garvik til Nett No i januar i år.

No er det kappløp mot tida for å unngå eit slikt inntektstap i år.

Makrellen har vore spreidd og vêrtilhøva dårlege slik at at fangstane har vore relativt beskjedne i august.

Tok det for piano
I 2023 hadde Noreg og Storbritannia ein avtale som sikre norske fiskarar ein rett til å ta omlag 60 prosent av kvota si i britiske farvatn. Resten må fiskast i Noreg, og slik er det i år også:

- Av årets makrellkvote nærmar vi oss no 20 prosent fiske, så det er enda mykje som må fiskast i norsk sone, seier salsleiar Kenneth Garvik i Norges Sildelsalslag.

Utsikta til å ta heile kvoten var tilsynelatende god i 2023, men det skulle vise seg at fiskarane tok det for piano i starten av sesongen.

Mot slutten av året, då innspurten i makrellfisket skulle settast inn var det lite fisk å finne i norske farvatn og andelen som kunne fiskast i britisk farvatn var allereie fiska. Dermed greidde fleire reiarlag ikkje å fiske minimumsnivået av makrellkvoten sin.

Endra vandringsmønster
I år er fleire tidlegare ute for å sikre seg den makrellen som må fiskast i Noreg.

Endra vandringsmønster for makrellen har gjort det vansklegare for fiskarane og gjort det meir utfordrande å ta heile vkoten som må takast i Noreg.

- Dei siste åra har makrellen i større og større grad gått inn i britisk side, i september/oktober, seier Garvik.

Publisert: 26.08.2024 05:00

Sist oppdatert: 25.08.2024 14:55