Feitt aar for laksebaronane
UTBYTEFEST: Norsk laks på rekkje og rad i ein supermarknad i ukrainske Kiev. Laks sel som aldri før, og aksjonærane gler seg.
Nytt

Feitt år for laksebaronane

Aksjonærane i dei fem største oppdrettsselskapa deler eit utbytte på nærare fem milliardar kroner etter rekordprisar og gode tider i fjor.

24.02.2016
(NPK):Aller mest får hovudeigarane i Salmar, Witzø-familien på Frøya. Dei sit igjen med 605 millionar kroner i gevinst frå fjoråret, skriv .
John Fredriksen, som gjennom Geveran Trading er hovudeigar i oppdrettskjempa Marine Harvest, får nesten like mykje i utbytte, 586,4 millionar kroner, mens Austevoll-familien Møgster kan ta ut eit utbytte på 248 millionar kroner frå Austevoll Seafood og Lerøy Seafood.

– Går til skatt

– Fisk har vore ei god investering. Fisk går bra i dag. Fiskeaksjane har stige lenge, og eg trur fleire og fleire får auga opp for dei, seier styreleiar Helge Møgster (62) i familieselskapet Laco til avisa.
Møgster seier at pengane «går i ein stor pott» som dei bruker til «å betale formuesskatt og utbytteskatt med». Familien er elles inne i offshore og supply-næringa mellom anna gjennom selskapet Dof.
Årsutbyttet var ikkje så verst for familien Gåsø på Frøya heller. Som hovudeigar i Norway Royal Salmon får dei eit utbytte på over 17 millionar kroner.

Gunstige aksjar

Dei gode resultata i næringa kom trass dei store problema med rømming, lakselus og sjukdom og dei auka kostnadene som følgjer med. Lakseoppdrett er framleis ei god investering for aksjonærane.
– Sjømatselskapa betaler i snitt fem– seks prosent i avkasting til aksjonærane. Med ein gunstig marknad og låg prising på selskapa er dette svært attraktive aksjar, seier analytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea Markets til Dagens Næringsliv.
Han ser ingen mørke skyar i horisonten for lakseaksjane i år heller.
– Lakseprisen har auka med 15 kroner i år, og mange ser nok fiskerisektoren som ei trygg hamn på Oslo Børs, seier Giskeødegård. (©NPK)
Mange ser nok fiskerisektoren som ei trygg hamn på Oslo Børs

Publisert: 24.02.2016 15:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53