Hogne Halleråker Ole Arne Eiksund Arctic Bioscience foto Ogne
LEGEMIDDELSATSING: Arctic Bioscience-gründer Hogne Hallaråker (t.v.) og toppsjef Ole Arne Eiksund. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fekk GlaxoSmithKline-topp inn i styret

Arctic Bioscience har fått ulsteinkvinne med imponerande merittliste med på laget.

Marius Rosbach
11.11.2021

Marita Holstad frå Ulsteinvik er valt inn i styret i Arctic Bioscience. Det blei godkjent i ei ekstraordinær generalforsamling i selskapet onsdag, ifølgje ei børsmelding.

– Ho vil bringe inn strategisk leiarerfaring frå både utvikling og lansering av legemiddelprodukt innan dermatologi og psoriasis, skriv Arctic Bioscience-leiinga i oppsummeringa frå generalforsamlinga.

Holstad: – veldig stolt
Ulstein-kvinna har brei erfaring frå leiarstillingar i legemiddelbransjen både i Norge, Storbritannia og USA. No leiar ho arbeidet med medisinsk kommersialisering i legemiddelgiganten GlaxoSmithKline med base i Chicago.

Holstad fortel at det er spennande å engasjere seg i eit norsk legemiddelselskap, spesielt sidan dei nyttar marine ressursar for å utvikle behandling for sjukdommar som psoriasis og Alzheimers.

– Også er eg naturlegvis veldig stolt over at selskapet som er forankra lokalt på Sunnmøre, likevel har globale ambisjonar, uttalar Holstad.

Skal bygge fabrikk i Ørsta
Legemiddelselskapet som tidlegare heitte Arctic Nutrition, har planar om å bygge fabrikk i Hovdebygda i Ørsta. Dei starta som eit helsekostselskap med produkt basert på silderogn, og arbeidde seg inn i legemiddelbransjen.

Arctic Bioscience har fått gjennomført dei første forsøka for å teste verknaden av eit silderognbasert produkt som legemiddel mot hudsjukdomen psosiasis og skal starte eit nytt og større i første forsøk i første halvår neste år.

Publisert: 11.11.2021 11:45

Sist oppdatert: 11.11.2021 11:45

Mer om