Roald amundsen kleven foto kjetil 11
MS ROALD AMUNDSEN: Over 60 personar blei smitta etter eit koronautbrot om bord på hurtigruteskipet som blei bygd ved Kleven. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Fekk Hurtigruten-etterforsking i retur

Statsadvokaten vil ha fleire svar før ei eventuell tiltale.

20.04.2021

(NPK-NTB): Politiet fekk 26. mars tilbakesendt innstillinga si frå Statsadvokaten, som ønskte fleire avhøyr. Ei tiltaleavgjerd mot Hurtigruten lèt framleis vente på seg.

Politiet innleidde etterforsking av selskapet i august i fjor, etter utbrotet på MS Roald Amundsen, der over 60 personar vart smitta og 69 kommunar vart ramma. Fleire kritikkverdige forhold vart avdekte i etterforskinga, skriv iTromsø.

Politiet sende innstillinga si til påtalevurdering hos statsadvokaten i februar, men den vart send tilbake like før påske.

– Vi ønskte ytterlegare avhøyr av relevante personar i Tromsø kommune, og det var konsekvensar for samfunnet og folkehelsa som då ville vere tema. I tillegg var det nokon tekniske detaljar som måtte sjåast på, og dessutan sjekke korleis Helsetilsynet ligg an i tilsynssaka mot skipslegane, seier statsadvokat Lars Fause til iTromsø.

Fylkeslegen og Helsetilsynet har sett i verk tilsyn mot dei to skipslegane om bord.

Politiet har så langt avhøyrt 20 personar med tilknyting til saka. Dei veit ikkje når saka igjen vil sendt over til påtalevurdering.

Konstituert statsadvokat Jørn Henning Bremnes vil avgjere om det blir teke ut tiltale mot Hurtigruten, sidan Fause tek over som sysselmann på Svalbard i juni.

(©NPK)

Publisert: 20.04.2021 23:36

Sist oppdatert: 20.04.2021 23:41

Mer om