Havila shipping medalje Inge Eriksen nr tre fra høyre foto havila shipping 11
MEDALJEUTDELING: Frå venstre: Statsforvaltar Else-May Norderhus, CTO Havila Shipping Svein Rune Smådal, administrerande direktør i Havila Shipping, Njål Sævik, Havila-kaptein og prisvinnar, Inge Eriksen, Marit Eriksen og COO i Havila Shipping Rune Smådal. Foto: Havila Shipping
Nytt

Fekk medalje etter bergingsaksjon

Havila-kaptein heidra for redningsdåd ei orkannatt i 2018.

Marius Rosbach
13.12.2022

Kaptein i Havila Shipping, Inge Eriksen, fekk tysdag medalje for redningsdåd til sjøs etter ein dramatisk bergingsaksjon, opplyser reiarlaget i ei pressemelding.

Medaljen blei delt ut av Statsforvaltar i Møre og Romsdal, Else-May Norderhus, saman med representantar frå reiarlaget.

Berga mann frå brennande skip
Hendinga skjedde ei orkannatt i 2018 då det kom mayday-signal frå lasteskipet Heiko utanfor Askvoll. Lasteskipet var nær ved å gå på grunn og styrhuset stod i full fyr.

Herøy-skipet Havila Subsea kom til havaristen etter om lag 40 minutt. Medan det bles orkan, fekk dei ein mobbåt på sjøen. Eriksen omtalar situasjonen som eit «ragnarok» og det var usikkert om redningshelikopteret kunne berge mannskapet om bord.

Dei fekk om bord ein mann heilskinna frå Heiko, før det vart klart at redningshelikopteret greidde å hente opp dei andre.

Roser mannskapet
Kapteinen roser mannskapet og fortel at det var ei tøff avgjerd å sende ut mob-båten.

- Dei som var ute i mob-båten er godt drilla og har godt utstyr, men dei sto i vatn om bord i båten og det dei gjorde under dei tøffe forholda, står det stor respekt av. Og det same gjeld innsatsen til styrmann og losen som var på brua, seier Eriksen.

Medaljen vert gitt til personar som med mot, snarrådigheit og dyktigheit reddar liv til sjøs i samband med ulykker til sjøs, forlis, havari, fall over bord og liknande. Dette kan også vere førar på skip som ved si manøvrering og opptreden reddar menneskeliv.

Publisert: 13.12.2022 13:26

Sist oppdatert: 13.12.2022 13:31

Mer om