Fekk opptur dagen etter Romsdalskonferansen
Utflytta sunnmøring skal vere med å gjere Molderegionen meir attraktiv.
- Kjempegledeleg. Auka folketal og stort fødselsoverskot.
Det seier dagleg leiar Britt Flo i Molde Næringsforum etter at Romsdals Budstikke torsdag presenterte gode tal for folketalsutviklinga i Molde.
For første gong har innbyggjartalet i Molde passert 32.000 – nøyaktig 32.014 – etter ein folketalsvekst på 114 i siste kvartal.
Dårlege tal frå Vareide
Onsdag leia Britt Flo Romsdalskonferansen, der seniorforskar Knut Vareide i Telemarksforsking kom med litt nedslåande tal for Molderegionen.
Vareide viste til at næringslivet i Molderegionen har ein dalande andel av næringslivet i landet når det gjeld antal arbeidsplassar og samla verdiskaping.
I tillegg har folketalsveksten stoppa opp.
- Siste fem åra er det i praksis ingen vekst. Den veksten som var åra før kom av innvandring, sa Vareide.
Derimot har flyttinga til Oslo stoppa opp.
- Dette trur vi skuldast pandemieffekten.
- Må forbetre seg
Vareide meinte at det også var positivt for regionen at bustadsattraktiviteten vert oppfatta som god.
- Molderegionen held godt på innbyggjarane sine. Problemet er svak vekst i arbeidsplassar og stor vekst i antal eldre.
Vareide sa at om utviklinga held fram som no, vil folketalet falle vidare.
- Molderegionen er ein region som må forbetre seg for å skape vekst.
- Treng fleire folk
Men dette var onsdag. Dagen etter kom nye positive tal for Molde. Derimot viser Statistisk Sentralbyrå sine ferske tal ein nedgang på 47 innbyggjarar i Vestnes og 38 i Rauma.
Britt Flo seier det er viktig å få opp innbyggjartalet i heile regionen.
- Vi skal gjere Molde og området rundt meir attraktivt å bu i. Vi treng fleire folk.
Det skjer utruleg mykje spennande
Store investeringar
Flo kjem opphaveleg frå Store-Standal ved Hjørundfjorden, og er gift med ein barstadvikar.
Onsdag arrangerte ho den femtande Romsdalskonferansen, med rundt 250 næringslivsleiarar og elevar frå vidaregåande skular.
- Dette skal vere ein møteplass som gir både inspirasjon og kunnskap. Vi satsar stort på å få interessante og dyktige innleiarar, seier Flo, som i år blant anna hadde sentralbanksjef Øystein Olsen og toppdiplomaten Kai Eide som innleiarar.
Dei fekk blant anna høyre at det neste åra skal satsast rundt 50 milliardar kroner i regionen.
- Det skjer utruleg mykje spennande, seier Flo.
Ho er likevel samd i at regionen må verte meir attraktiv for å halde på fleire unge, og få fleire utflytta til å flytte tilbake.
Les også
Publisert: 18.11.2021 13:22
Sist oppdatert: 18.11.2021 17:18