Stig remøy kleven desember 2020 foto marius 11
UTSETT FRIST: Olympic Subsea-sjef og eigar Stig Remøy har no frist på seg ut september med å kome til ein ny finansieringsavtale for reiarlaget i Herøy. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ny frist for kriseløysing

Olympic har forhandla med långivarane i snart to år. Leverer betre lønnsemd, men nytt minushalvår.

Marius Rosbach
02.09.2021

Olympic Subsea har fått nok ei utsetting for å kome til ein avtale med alle långivarane om ein ny finansieringsløysing.

Den nye fristen er i løpet av september månad, ifølgje rapporten for andre kvartal, som ble gjort offentleg i ei børsmelding onsdag.

Vil redusere gjeldsbyrda
Forhandlingane om ei refinansiering blei først varsla då selskapet la fram rekneskapen for 3. kvartal i desember 2019, og fristen er utsett ein rekke gongar.

Tidleg i august kunne Olympic melde at dei hadde sikra støtte frå eit fleirtal av bankane om ny profil på avdraga for gjelda, og at dei hadde frist ut månaden for å kome til einigheit.

Den nye avtalen vil redusere den årlege gjeldsbyrda betydeleg, gi tilstrekkeleg kontantbalanse og betre finansielt armslag, ifølgje reiarlaget.

Betre lønnsemd
Olympic-tala viser betre lønnsemd enn i fjor, men det er framleis minus-resultat før skatt for halvåret.

Tala i andre kvartal, trekk opp resultatet kraftig. Då segla reiarlaget inn 175 millionar, og fekk eit driftsresultat på 50 millionar. For Kvartalet enda resultat før skatt på knappe 13 millionar i pluss (sjå tabell under).

Reiarlaget hadde ni av ti skip i aktivitet i andre kvartal og dei jobbar i første rekke i fornybar energi og subsea-markanden. Leiinga trur på auka aktivitet i subsea, og at fornybarsegmentet vil vekse på lengre sikt, heiter det i rapporten.

Olympic Subsea
Resultat (i mill kr)
2. kvartal 2021 2. kvartal 2020
Driftsinntekter 175,9 137,5
Driftsresultat 50 7,8
Res. før skatt 12,8 -51,3
1. halvår 2021 1. halvår 2020
Driftsinntekter 267,3 252,5
Driftsresultat 22,5 -17,8
Res. før skatt -49,9 -121,6

Publisert: 02.09.2021 09:10

Sist oppdatert: 02.09.2021 09:21

Mer om