Cadelers new foundation installation vessel will be built by cosco shipping qidong offshore
CADELER: Det nye tungløftsfartøyet til Cadeler får utstyr frå Kongsberg Maritime. Skisse: Cadeler
Nytt

Fekk utstyrskontrakt på dansk gigaskip

Kongsberg Maritime får kontrakt på rundt 286 millionar kroner med danske Cadeler.

25.05.2022

Kongsberg Maritime skal levere ein stor teknologipakke til eit nytt installasjons- og tungløftsfartøy for danske Cadeler, opplyser Kongsberg i ei børsmelding onsdag.

Dette er tredje kontrakten Kongsberg får med Cadeler, som er av dei store aktørane til transport og installasjon av offshore havvindparkar.

Det nye tungløftsfartøyet skal byggjast ved Cosco Heavy Industry i Qidong Kina, og skal leverast i 2025.

Skal ha fleire skip
Kontraktssummen er på 345 millionar USD for verftet, tilsvarande rundt 3,3 milliardar norske kroner, med opsjon på endå eit fartøy.

Cadeler har frå før tungløftsfartøya Wind Orca og Wind Oprey, men byggjer no ut flåten med fleire skip.

Frå før har selskapet to andre skip under bygging ved Cosco.

Ulsteinvik og Finland
Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime opplyser at thruster-pakken til Cadeler-fartøya har ein kombinasjon av teknologi frå Ulsteinvik og Finland, der hoved-thrustarane er av typen UUC frå Rauma i Finland.

- Dette er den største serien av thrustarar frå Kongsberg Maritime, og som vi yter service i ettermarknaden på frå Ulsteinvik, i høghallen for å være heilt spesifikk, seier Bonnevie Wollebæk.

Ho seier at i alle kontrakter som inneber integrerte styringssystem er det vanskeleg å svare akkurat kvar i Norge det blir jobba med teknologien.

- Vi har samordna ingeniørkompetanse på tvers av lokasjonane våre i aust og vest, seier ho.

Enormt dekk
Det siste skipet vil ha eit dekk på heile 5.600 kvadratmeter, som kan frakte og installere i ein last sju 15 MW turbinsett eller fem 20MW turbinsett.

Når nybyggingsprogrammet er ferdig vil Cadeler ha den største flåten i offshore vind når det gjeld lastekapasitet og transporteffektivitet, i tillegg til at selskapet står for installasjon og service, opplyser Cadeler på sin heimeside.

Publisert: 25.05.2022 09:10

Sist oppdatert: 25.05.2022 09:53

Mer om