Legg tre maritime ønsker på bordet
Kommunikasjonsdirektøren i Kongsberg Maritime seier det er «utruleg» at bransjen må gjenta eitt av tiltaka for politikarane.
Dei maritime næringane på Nordvestlandet har store forventingar til toppmøte med regjering og politikarar på Mørebenken torsdag.
Kring 100 deltakarar står på lista til Ocean Summit-arrangementet, der Maritimt Forum samlar beslutningstakarar for å stake ut kursen for havnæringane.
På ettermiddagen og kvelden blir det innlegg og debatt ved Rekkedal Gjestehus i Ørsta. På dagen skal deltakarane først segle med MS Bruvik frå Ålesund til Sæbø i Hjørundfjorden.
Undervegs vil dei få innspel frå reiarlag, verft, og leverandørindustrien om korleis dei ser på situasjonen.
Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime er mellom dei som skal halde innlegg, saman med berekraftdirektør Marte Ellingsen Tyldum.
Wollebæk fortel til NETT NO at ho vil peike på tre tiltak som kan hjelpe bransjen sett frå deira ståstad.
- Oppretting av ei eksperteining for offentlege anskaffingar.
- Forsere og trappe opp bygging av standardiserte fartøy til sjøforsvaret.
- Innføre såkalla differansekontraktar, som skal dekke prisforskjellen mellom nullutsleppsløysingar og anna drivstoff i ein overgangsperiode.
Det er sagt at det skal bli gjort noko med, men så langt har ikkje noko skjedd
Det første punktet der bransjen ber om ei eksperteining, er punktet kommunikasjonsdirektøren meiner det er «utruleg» at dei må gjenta.
– Det er ei sak vi har snakka mykje om, og det er sagt at det skal bli gjort noko med, men så langt har ikkje noko skjedd, seier Wollebæk.
Frustrasjon over utanlandskontraktar
Det har vore mykje frustrasjon over at kontraktar på bygging av fartøy til det offentlege har gått til utlandet. Mellom anna gjaldt dette fleire prosjekt som blei lyst ut for å hjelpe norsk verftsnæring i koronakrisa.
– Det er viktig å minne om at det er eit hol her mellom kva sentrale styresmakter ønsker, og kva som skjer i praksis. Dette går utover oss i utstyrsnæringa, legg Wollebæk til.
Opprettinga av Eksportstrategirådet i Ålesund, skal vere eit ledd i dette arbeidet, men det har trekt ut i tid.
Den midlertidige leiaren Christian Cramer bad statsminister Støre om ei avklaring for å kome vidare, då han nyleg gjesta Haramskonferansen.
Vil bygge militære skip
Forsert bygging av militære fartøy har også vore lagt på bordet tidlegare. I langtidsplanen for forsvaret ligg det inne ei utviklingsløp for to nye fartøy. Stortinget skal etter planen få saka til behandling i år, men sjølve investeringane ligg likevel fleire år fram i tid.
– To skip er veldig bra, men heller ikkje veldig mykje, kommenterer Wollebæk.
Kongsberg Maritime har utvikla Vanguard-prosjektet, som inneberer standardiserte løysingar for fleire skip. Tidlegare har fleire politiske parti diskutert moglegheitene til å bygge fire-fem slike fartøy for å gi aktivitet til den maritime industrien.
– Dette er skip som kan byggjast med 96 prosent norsk utstyr, og som kan vere viktige oppdrag for dei store nybyggingsverfta, påpeiker kommunikasjonsdirektøren.
– Ikkje teknologien som bremsar utviklinga
Ønske om differansekontrakter gjeld korleis styresmaktene kan legge til
rette for at fleire «grøne» prosjekt i skipsfarten blir gjennomført.Det
er eit forslag som Maritimt Forum har fremma tidlegare.
– I dag er det ikkje teknologien som bremsar utviklinga, men høge energiprisar og manglande infrastruktur på land, forklarar Wollebæk.
Kommunikasjonsdirektøren påpeikar at alle ønska handlar om å legge til rette for meir eksport frå den maritime industrien. Ho reknar også med at krigen i Ukraina, og korleis den treff maritim næring, vil prege arrangementet.
Publisert: 03.03.2022 05:55
Sist oppdatert: 04.03.2022 09:58