Leiarkonferanse rethinking business ulsteinvik foto marius 11
NY KONFERANSE: Torsdag er det klart for ein ny versjon av Leiarkonferansen i Ulsteinvik. Bildet er frå ein koronaprega konferanse i 2021.
Nytt

Femåring er blitt godt etablert

Leik og litteratur er noko av det som står på timeplanen ved årets leiarkonferanse.

Marius Rosbach
22.10.2024

Med drygt 150 påmeldte deltakere opplever Leiarkonferansen i Ulsteinvik rekordinteresse framfor årets arrangement på torsdag. 

I år er det femte gang konferansen blir arrangert og som vanleg er det eit sterkt lag som stiller på scena ved Sjøborg Kulturhus. 

Dagleg leiar Anna Klara Måseide i Ulstein Næringsforum meiner dei har klart å etablere konferansen som ein viktig møteplass for næringslivet. 

– Vi opplever at det kjem folk frå større delar av Sunnmøre og det kjem gjerne fleire frå same bedrift. I år startar vi også programmet ein time seinare, slik at det skal vere enklare å kome frå andre plassar for å delta, seier ho til Nett No i forkant av konferansen. 

Skal snakke om leik og litteratur 
Årets tema er verdibasert leiarskap og på scena møter deltakarane ein miks av lokale og nasjonale bidragsytarar.   

Mellom lokale deltakarar er Torill Standal Eliassen som leiar Twoday i Ålesund, og som skal gi tips om kunstig intelligens og mangfald. 

Oclin-gründer Atle Remmereit frå Ørsta kjem for å snakke om kvifor leik er ein viktig del av arbeidslivet og leiarrolla, medan NHO-direktør Lene Trude Solheim skal fortelje korleis litteratur kan gjere deg til ein betre leiar. 

Høgaktuell NRK-programleiar
Siri Abrahamsen er gründer, forfattar og ein av Norges mest kjente foredragshaldarar for augneblinken. Ho er også grunnleggjar av den ideelle organisasjonen Gleding, som jobbar med å bygge solide lag rundt barn, for å skape en god barndom. 

Thomas Seltzer er ein anna nasjonal profil som kjem til Ulsteinvik denne dagen. Programleiaren og musikaren er høgaktuell med sin serie om USA-valet på NRK. 

– Han har teke med seg innstillinga frå punken inn i journalistikken, og slepp til folk som til vanleg ikkje får ein stemme i slike program, meiner Måseide. 

Møtast til Møre Lounge etterpå
Konferansen blir arrangert av Ulstein Business Forum, som er ein del av Ulstein Næringsforum.

– Vi viderefører også Mørelounge-en som fungerte veldig bra i fjor. Her kan deltakarane møtast etterpå for å diskutere og reflektere over opplevingane og tankane ein har høyrt i løpet av dagen, seier Anna Klara Måseide.

Det heile blir leia NRK-profil og hareidsdøling Ole Rolfsrud. Undervegs blir det også rom for sofa-samtaler med dei som deltar. 

Les programmet her (ekstern lenke)

Publisert: 22.10.2024 05:00

Sist oppdatert: 21.10.2024 21:48

Mer om