Anna Klara Maaseide og Ellen Skodjevåg Bø Bjørkedal 2
KLARE: Anna Klara Måseide (t.v.) og Ellen Skodjevåg Bø er klare til å ta imot folk frå heile landet denne veka. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

– Like store stadar har ikkje same trykket

Meiner Ulsteinvik har nådd målet om å verte konferansesentrum.

Tidlegare leiar i Ulstein Næringsforum, Daniel Garden, sette eit mål for Ulsteinvik i 2020.

Byen skulle bli eit konferansesentrum.

Under korona arrangerte dei sin første konferanse, og i 2023 held dei det gåande med fleire per år.

På torsdag arrangerer dei Leiarkonferansen for fjerde gong.

– Målet var å skape fleire møtestadar i byen på kryss og tvers av ulike bransjar og tematikkar, seier Anna Klara Måseide som no er leiar i Ulstein Næringsforum.

Ho meiner målet som blei sett var hårete, men at dei saman med andre arrangørar har nådd målet.

Vil ikkje konkurrere mot byane
Måseide meiner det viktigaste ikkje er at Ulsteinvik er vert for mange konferansar, men heller gode konferansar.

– Molde, Ålesund og Kristiansund er større byar. Vi har ikkje mulegheita å ta opp kampen mot dei.

Byen med rundt 9000 innbyggjarar har ikkje infrastrukturen til det, seier ho. Dei har berre eitt hotell der ting kan skje, medan ho meiner dei større byane kunne hatt ti konferansar kvar dag om dei hadde ressursane til det.

– Men om pakka du får er bra, og opplevast som meiningsfullt, så kan vi snakke om konferansesentrum.

Anna Klara Maaseide og Ellen Skodjevåg Bø Bjørkedal 3
TREKK: Ellen Skodjevåg Bø fortel at mange av foredragshaldarane er veldig dyre. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Treng mange hender
Å arrangere konferansar er ikkje ei billig affære.

– Difor er vi avhengige av gode sponsorar, seier Ellen Skodjevåg Bø i Sytalaust.

Ho er med på å arrangere leiarkonferansen.

Begge to meiner at dei som arrangørar ikkje kan gjere byen til eit konferansesentrum aleine.

– Det som skjer i opptakta fram mot noko er like viktig. Vi nyttar oss av lokale og regionale leverandørar til mellom anna design, fotografering og catering, seier Måseide.

Gjennom dette samarbeidet vil også infrastrukturen og erfaringane til å halde store arrangementet vekse, seier dei.

Anna Klara Maaseide og Ellen Skodjevåg Bø Bjørkedal 4
GALNE: Anna Klara Måseide seier det var villt å starte opp ein konferanse midt i ein pandemi. Det gjekk heldigvis bra, fortel ho. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Foreløpig ingen nye planar
Noko som forbausa Måseide var kor raskt streaming av foredrag ikkje var attraktivt lenger.

– Folk vil ikkje betale for det.

Mange argumenterte for at framtida for konferansar var ein hybrid der noko skjedde på scena, medan andre delar føregjekk via skjerm.

I år er difor alle føredragshaldarane på scena, fordi dei har sett verdien av at folk samlast.

– Har de planar om å skape nokre nye konferansar?

– To er meir enn nok for oss med folka vi har. Det vi ser no er at vi har tillagt oss mykje kunnskap, og at folk spør oss om råd eller om å være medarrangør.

Publisert: 24.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 26.10.2023 21:48