Fem bedrifter saman mot kai-vedtak
Kommunestyret og pressa er bedt inn for å høyre kva lokale bedrifter meiner om at to av tre kaier på Mjølstadneset blir sett på vent.
Fosnavåg Notbøteri (Fosnot), Egersund Herøy, Astorplast går saman med Ervik & Sævik og Havila om å protestere mot vedtaket om å bygge berre ei kai på Mjølstadneset i Herøy.
NETT NO omtala før helga korleis Rita Sævik og Per Sævik reagerte på snuoperasjonen i kommunestyret om kaiutbygging, og dei fryktar i verste fall at hurtigruteanløpa kan ryke.
Tysdag ettermiddag er kommunestyret i Herøy og pressa invitert til eit informasjonsmøte ved Thon-hotellet i Fosnavåg.
– Vi vil gjennomgå konsekvensane av vedtaket gjort 24.08, samt moglegheitene og inntektspotensialet kaiutbygginga gir kommunen og næringslivet, heiter det i invitasjonen frå dei seks bedriftene.
Blei sett av pengar til investering
I fleire år har bedrifter som Astorplast, Fosnot og Egersund Herøy på Mjølstadneset pressa på for å få meir kai. Dei opplever god vekst, og har planar om å utvide.
For eit halvår sidan blei sett av pengar til å investere pengar i tre kaiar, som ville gi samanhengande kai langs store delar av næringsområdet.
No har det vist seg prisen for kaibygging har blitt høgare, og politikarane vil difor berre bygge ei kai i denne omgang.
Ber politikarane tenke seg om
Vedtaket stikk kjeppar i hjula for Ervik & Sævik si satsing med den nye næringsparken, der det mellom anna var planar om å ta i mot turistar sjøvegen.
I ei pressemelding sendt ut i helga, ber Ervik & Sævik dei folkevalte om å tenke seg om ein gong til.
– Vedtaket som no ligg føre, kan vanskeleg oppfattast på annan måte, enn at kommunestyret ønsker å hindre oss i vår utvikling, heiter det i meldinga frå reiarlaget.
Publisert: 30.08.2021 13:42
Sist oppdatert: 30.08.2021 19:36