Per rita sævik mjølstadneset foto marius 11
Ervik & Sævik er i full gong med å bygge næringsparken i bakgrunnen og har investert mykje for å legge til rette for turisme, i tråd med kommunen si satsing, Rita og Per Sævik er forundra over at politikarane no vil snu om kaiutbygging på staden. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kjenner seg lurt etter nytt kaivedtak

Rita og Per Sævik meiner at Herøy-politikarane set hurtigruteanløpa i spel ved å utsette bygging av kaier.

Marius Rosbach
27.08.2021

For eit halvår sidan sette eit samrøystes kommunestyre i Herøy av pengar til å bygge kai framfor den nye næringsparken på Mjølstadneset. Det gjorde at Ervik & Sævik gjekk for å investere betydeleg i nybygget for å legge det til rette for turistar og besøkande.

No har kommunestyret snudd og meiner det berre er pengar til ei av dei tre kaiane som har vore planlagt.

– Vi som næringslivsaktørar, som har valt å investere på bakgrunn av det vedtaket om å bygge kai, føler oss lurt. Vi kjenner på ein sviktande tillit til det politiske systemet lokalt og ein misser motivasjonen til å satse på utvikling. Vi er spesielt skuffa over at næringslivspartiet Høgre, også gjekk i mot å bygge tre kaier, fortel Rita Sævik til NETT NO.

(saka held fram under)

Ervik og sævik næringspark horisont mjølstadneset august 2021 foto marius
UNDER BYGGING: I næringsparken er det planar om galleri, kafé og kantine, i tillegg til at fleire bedrifter skal leige seg inn. Foto: Marius Rosbach

Har ferdig bygg til våren
Ho er medeigar og reiar i Ervik & Sævik-reiarlaget som no er i full gong med å bygge i tre etasjar på nabotomta til Havila-bygget Diamanten. Om åtte månader skal bygget stå ferdig.

I nabobygget hos Havila, er Per Sævik like forundra over korleis politikarane har snudd i kaisaka.

– Det mest vanskelege synes eg er at eit sopass solid fleirtal stansa anbodsrunden, kort tid etter eit samrøystes kommunestyret vedtok at dei ville ha nye kaier, seier han til NETT NO.

(saka held fram under)

Mjølstadneset kai egersund herøy 11
VIL BYGGE HER: Politikarane i Herøy meiner det berre er pengar til å bygge ut denne delen av kaia mot Egersund Herøy. Foto: Marius Rosbach

Fryktar for anløpet av Hurtigruten
Ervik & Sævik jobbar for å få anløp av hurtigruteskip på Mjølstadneset, no meiner dei at politikarane i Herøy er i ferd med å la ein viktig sjanse gå frå seg.

– Den mest dramatiske konsekvensen av at politikarane ikkje snur, kan vere at anløpet for Hurtigruta forsvinn til ein anna kommune, seier Rita Sævik.

Per Sævik meiner Mjølstadneset i lengre tid har vore nedprioritert politisk.

– Eg trudde ein ville sjå meir på moglegheitene som ligg i ei slik utbygging. Mi vurdering er at om ein skal utvikle desse 400-500 nye arbeidsplassane det kan vere snakk om, så er det nødvendig å få til den kailøysinga som det har vore snakk om, seier Per Sævik.

NETT NO har tidlegare omtala at Ervik & Sævik har hatt eit positivt møte med Hurtigruten om å anløpe på Mjølstadneset framfor Torvika. Det er eit arbeid også kommunen har engasjert seg i via ordføraren.

Meiner prisen er for høg
I fleire år har bedrifter på Mjølstadneset pressa på for å få meir kai. Alle opplever god vekst, og fleire har planar om å utvide. Gleda var difor stor for eit halvår sidan då politikarane sette av pengar på investeringsbudsjettet til tre kaier. Tre nye kaier vil gi samanhengande tilgang frå sjøen langs store delar av det som er eit næringsområde i rivande utvikling.

Då kommunestyret parkerte bygging av alle tre kaiene denne veka, var det ifølgje Vestlandsnytt fleire politikarar som viste til at dei ikkje har hatt noko diskusjon om kva kaia framfor den nye næringsparken skal bli nytta til.

Hovudargumentet var at prisen ifølgje tilboda blir før høg.

- Eg forstår at det blei dyrare enn ein rekna med, men eg kan ikkje sjå at det er så dramatisk at det er eit sjølvstendig argument for å ikkje gjere som ein hadde tenkt, seier Per Sævik.

(saka held fram under)

Ervik og sævik nybygg 11
FERDIG TIL VÅREN: Slik blir den nye næringsparken sjåande ut frå nordsida av bygget, som er teikna av Sporstøl Arkitekter i Ulsteinvik. Illustrasjon: Sporstøl Arkitekter

Bedrifter har tilbudd å betale
Tidlegare har bedrifter som Astorplast og Fosnot tilbode seg å vere med på eit spleiselag om ny kai. Verken Rita eller Per Sævik er på tilbodssida i dag.

– Eg føler at vi allereie i sterk grad bidreg ved at vi investerer 20 millionar for å legge bygget til rette for turisme – i tråd med satsinga til Herøy kommune, svarar Rita.

Per Sævik seier han ikkje har oppfatta at kommunen ønsker næringslivet med på eit spleiselag.

– Eg vil eigentleg ikkje svare på det spørsmålet, seier Rita Sævik når NETT NO spør kva det betyr for planane deira, om ikkje kaia kjem på plass.

Per rita sævik foto marius 22
FRYKTAR KONKURRANSE: Om Herøy-politikarane sine vedtak blir ståande, fryktar Per og Rita Sævik at hurtigruteanløpet kan ende i ei anna kommune. Foto: Marius Rosbach

Kunst, terminal og kafé
Bygget til Ervik & Sævik på Mjølstadneset, har fått namnet «Horisont Næringspark». Planen er at bygningen skal bli ein møteplass for både lokalbefolkning og tilreisande.

– Eg håpar dei fleste ser det fornuftige i at dette er ei kai som skal betene fellesskapet. Det er ikkje ei kai for Ervik & Sævik. Investeringane er det uansett for seint å reversere no, legg Rita Sævik til.

Reiarlaget har i fleire år investert i kunst, som vil bli brukt i utsmykkinga. Det er planar om galleri, kafé og kantine, i tillegg til at fleire bedrifter skal leige seg inn.

NETT NO snakka med ordførar Bjørn Prytz i juni sa han planane til Ervik & Sævik ga Mjølstadneset «eit mangfald som er nesten unikt».

NETT NO har fredag ikkje lukkast i å få ordføraren sine kommentarar til saka.

Publisert: 27.08.2021 11:00

Sist oppdatert: 27.08.2021 16:29

Mer om