Nytt
Vil betale for meir kai på Mjølstadneset
Herøy-bedrifter i vekst vil bidra til kaiutbygging og trur industriområdet har stort vekstpotensiale.
Marius Rosbach
10.11.2020
Mjølstadneset i Herøy kan vere i ferd med å oppleve betydeleg vekst. Fleire bedrifter i området har utbyggingsplanar, og andre ønsker å flytte til området nokre minutt med bil frå Fosnavåg sentrum.
Astorplast er mellom dei som vil utvide med ny og større hall.
– Sjølv om vi ikkje er avhengige av ny kai, så kan vi legge om drifta, og til dømes få ned talet på trailerar som kjem langs vegen. Vi ligg også unikt til når det gjeld plassering og areal til å produsere store ting, seier dagleg leiar Atle Storvik i Astorplast.
Fosnot – eller Fosnavåg Notbøteri – har sikra seg opsjon på nabotomta. Kapasiteten i Fosnavåg er sprengt, og dei vil gjerne utvide verksemda til Mjølstadneset med både nye bygg og nytt kaianlegg i front.
Nyleg kom eit initiativ frå Herøy Høgre om å vurdere eit spleiselag for å sikre ei større utbygging. Alternativet kan vere at det skal bli kamp om midlane, der nokon risikerer at stå att med «svarte per».
Både Astorplast og Fosnot har sagt seg villige til å vere med å ta rekninga.
– Vi er villige til å vere med å betale for å få på plass ny kai. Jo fortare det skjer, jo betre. Kapasiteten i dag er ganske hardt belasta, så eg er trygg på at det vil kome andre aktørar som kan gjere seg nytte av ei slik utbygging, seier dagleg leiar Martin Nørvåg i Fosnot til NETT NO.
Saka blir avgjort som ein del av neste års budsjett i Herøy kommune.
– Vårt største ønske er at ein får bygd ut alle kaialternativa. Jo meir kai vi har, jo meir inntekter vil det generere kollektivt, meiner assisterande dagleg leiar Asgeir Djupvik i Astorplast.
Ervik & Sævik har allereie fått klarsignal om å bygge «Fosnot-tomta» og Havila-bygget. Det vil reiarlaget mellom anna tilby som terminal for reisande med kystrutene – om staden blir nytt anløp på strekninga.
Nokre steinkast unna ligg Mowi sitt lakseslakteri, som truleg kunne ha skipa ut meir fisk om forholda låg til rette for det.
– Per i dag er det til eksempel ikkje kai til å ta om bord hengarar med fisk, seier Atle Storvik.
Han legg til at det er fleire bedrifter som har vore nysgjerrige på moglegheitene til å skipe ut ulike typar last.
– Nøtene vi styrer med krever mykje kubikk og vi har vore nøyd til å takke nei til kundar, seier Martin Nørvåg.
Førebels er dei i prosjekteringsfasen for nytt bygg og kai, men ønsker å ha ei ny løysing på plass «rimeleg kjapt».
– Vi meiner det er noko som bør skje no, og ikkje kome om fem år. Det har vore lite utvikling her dei siste 30 åra, seier Atle Storvik.
Astorplast blei starta av Storvik som eit enkeltpersonsforetak i 1997, og omsette i fjor for drygt 51 millionar kroner. I løpet av året blei også selskapet omorganisert til å få konsernstruktur med Astorplast Invest som morselskap.
Astorplast er mellom dei som vil utvide med ny og større hall.
– Sjølv om vi ikkje er avhengige av ny kai, så kan vi legge om drifta, og til dømes få ned talet på trailerar som kjem langs vegen. Vi ligg også unikt til når det gjeld plassering og areal til å produsere store ting, seier dagleg leiar Atle Storvik i Astorplast.
Fosnot – eller Fosnavåg Notbøteri – har sikra seg opsjon på nabotomta. Kapasiteten i Fosnavåg er sprengt, og dei vil gjerne utvide verksemda til Mjølstadneset med både nye bygg og nytt kaianlegg i front.
Har invitert til spleiselag
Men dei kommunale kaimidlane er avgrensa, og nokre meter lengre bort har også i.Nyleg kom eit initiativ frå Herøy Høgre om å vurdere eit spleiselag for å sikre ei større utbygging. Alternativet kan vere at det skal bli kamp om midlane, der nokon risikerer at stå att med «svarte per».
Både Astorplast og Fosnot har sagt seg villige til å vere med å ta rekninga.
– Vi er villige til å vere med å betale for å få på plass ny kai. Jo fortare det skjer, jo betre. Kapasiteten i dag er ganske hardt belasta, så eg er trygg på at det vil kome andre aktørar som kan gjere seg nytte av ei slik utbygging, seier dagleg leiar Martin Nørvåg i Fosnot til NETT NO.
Saka blir avgjort som ein del av neste års budsjett i Herøy kommune.
Håpar heile kaia blir bygd ut
Bedriftene håpar heile kaistrekninga på sørsida av Mjølstadneset kan bli utnytta.– Vårt største ønske er at ein får bygd ut alle kaialternativa. Jo meir kai vi har, jo meir inntekter vil det generere kollektivt, meiner assisterande dagleg leiar Asgeir Djupvik i Astorplast.
Ervik & Sævik har allereie fått klarsignal om å bygge «Fosnot-tomta» og Havila-bygget. Det vil reiarlaget mellom anna tilby som terminal for reisande med kystrutene – om staden blir nytt anløp på strekninga.
Nokre steinkast unna ligg Mowi sitt lakseslakteri, som truleg kunne ha skipa ut meir fisk om forholda låg til rette for det.
– Per i dag er det til eksempel ikkje kai til å ta om bord hengarar med fisk, seier Atle Storvik.
Han legg til at det er fleire bedrifter som har vore nysgjerrige på moglegheitene til å skipe ut ulike typar last.
Må takke nei til kundar
Fosnot har hatt jamn vekst dei siste fem åra og fjoråret enda med ei omsetning på drygt 22 millionar kroner. No gjer dei fysiske lokala at dei «stangar i taket».– Nøtene vi styrer med krever mykje kubikk og vi har vore nøyd til å takke nei til kundar, seier Martin Nørvåg.
Førebels er dei i prosjekteringsfasen for nytt bygg og kai, men ønsker å ha ei ny løysing på plass «rimeleg kjapt».
Omdanna til konsern i fjor
Også Astorplast har behov for meir plass. Ute på tomta der Ervik & Sævik skal bygge, ligg det som skal bli til 168 meter lange bølgjedemparar i valdsame dimensjonar.– Vi meiner det er noko som bør skje no, og ikkje kome om fem år. Det har vore lite utvikling her dei siste 30 åra, seier Atle Storvik.
Astorplast blei starta av Storvik som eit enkeltpersonsforetak i 1997, og omsette i fjor for drygt 51 millionar kroner. I løpet av året blei også selskapet omorganisert til å få konsernstruktur med Astorplast Invest som morselskap.
Les også:
Vårt største ønske er at ein får bygd ut alle kaialternativa. Jo meir kai vi har, jo meir inntekter vil det generere kollektivt
Publisert: 10.11.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04