Rita sævik juni 2021 11
I RUTE MED NYBYGG: Ervik & Sævik-sjef Rita Sævik gler seg til nybygget på Mjølstadneset står klart neste vår. På sikt håpar ho å ta i mot passasjerar frå Hurtigruten og Havila Kystruten sine skip, som førebels har anløp i Torvik. Foto: Marius Rosbach
Nytt

«Positivt møte» med Hurtigruten om Mjølstadneset

No blir det jobba aktivt for å få ny stoppestad for hurtigruteskipa. Samstundes veks ein ny «bydel» fram.

Marius Rosbach
05.06.2021

I lengre tid har det vore snakk om moglegheitene for at skipa som seglar den tradisjonsrike kystrutestrekninga frå Bergen til Kirkenes skal anløpe Mjølstadneset i Herøy.

No er saka teke til eit nytt nivå. Reiarlaget Ervik & Sævik og Herøy kommune er på kvar sine hald no i dialog med Hurtigruten, Samferdsledepartementet og andre aktørar.

Møte med Hurtigruten i Tromsø
Rita Sævik fortel at ho har vore på besøk hos Hurtigruten i Tromsø for å vise kva for planar dei har på Mjølstadneset.

– Vi fekk presentere Ervik & Sævik, og innhaldet i det nye bygget. Det var eit positivt møte, ikkje minst når det gjaldt kulturdelen av planane, fortel Sævik til NETT NO.

Reiarlaget er i full gong med å bygge sitt nye hovudkontor, som vil ha fleire andre leigetakarar – og der kunst vil stå sentralt. Meir om det seinare.

Ordføraren har kontakta departementet
Herøy-ordførar Bjørn Prytz fortel til NETT NO at han har fått klarsignal frå formannskapet om å undersøke moglegheitene for å flytte anløpa av kystruteskipa, til Mjølstadneset.

– Eg har vore i kontakt med eigarane av Herøyterminalen i Torvik, og informert om at vi er i ein prosess. Per no er vi på det stadiet at vi undersøker moglegheitene, seier han.

Å endre ein stoppestad på den tradisjonsrike strekninga ikkje er gjort i ei handvending. Strekninga er regulert av styresmaktene som gir støtte til drifta, og det trengs ny kai og ein avtale om godshandtering – i tillegg til at det per i dag er ein eksisterande avtale med Herøyterminalen i Torvik.

– Vi har mellom anna vore i kontakt med Samferdsledepartementet. Signala derifrå har vore at ei slik endring er avhengig av at drivarane, Hurtigruten og Havila Kystruten, er samde, fortel han.

Vi lyttar til dei lokale behova og ønsker som kjem fram - ikkje minst når ordføraren og kommunen sjølv jobbar dei fram
Stein Lillebo

Hurtigruten: «Eit spennande initiativ»
Stein Lillebo i Hurtigruten stadfestar at dei har hatt eit «hyggeleg møte» med Ervik & Sævik, og omtalar planane som «eit spennande initiativ».

– Vi lyttar til dei lokale behova og ønsker som kjem fram - ikkje minst når ordføraren og kommunen sjølv jobbar dei fram. Om dei operasjonelle forholda førehalda ligg til rette, så er det klart at dette er interessant, fortel Lillebo.

Lengre vil ikkje Lillebo strekke seg til å seie før reiarlaget har jobba meir med saka internt. Ordførar Prytz fortel at kommunen vil halde fram dialogen.

(saka held fram under)

Havila diamanten mjølstadneset foto marius 11
HAVILA-BYGGET: Det karakteristiske bygget kalla Diamanten blir nabo til Ervik & Sævik sitt nybygg på Mjølstadneset. Foto: Marius Rosbach

– Fokuserer på kva vi kan vi vere med å skape
Havila Kystruten-eigar Per Sævik har allereie uttalte seg positivt til å endre stoppestad frå Torvika til Mjølstadneset. Det er ikkje overraskande, ettersom stoppestaden blir om lag på «dørstokken» til hovudkontoret deira.

Rita Sævik fortel at ho ikkje opplevde noko negativ respons frå Hurtigruten på det punktet.

– Det var ikkje tema i det heile. Vi fokuserer på kva vi kan vi vere med å skape for å gi eit godt inntrykk av Herøy, og det meiner eg andre óg bør fokusere på, legg ho til.

HS Rise Bygg er i rute med nybygget som ligg på nabotomta til Havila-bygget Diamanten. Konstruksjonen er i ferd med å reise seg få meter får kaikanten. Planen er å vere ferdig mai neste år.

Store delar av bygget er i ferd med å bli fylt opp, men Sævik fortel at dei framleis har ledig 400 kvadrat i tredje etasje og kring 150 kvadrat i andre.

(saka held fram under)

Ervik og sævik nybygg 11
FERDIG NESTE VÅR: Slik skal Ervik & Sævik-bygget bli sjåande ut når det etter planen står ferdig til neste år. Illustrasjon: Sporstøl Arkitekter

Har nær 60 kunstverk i samlinga
Herøyreiaren er svært kunstinteressert og bedrifta har opparbeida ei solid samling, Ho fortel at dei har handla inn ein rekke verk den siste tida. Den vil dei at kystrutepassasjerar og andre skal få oppleve i det nye bygget.

– No er vi oppe i nær 60 verk og det er i ferd med å bli eit skikkeleg «statement». Vi ser at vår eiga samling er i ferd med å vekse ut av lokala våre, og ser på korleis allmennheita kan få glede av kunste i bygget, fortel ho.

Reiarsjefen vil ikkje talfeste kor mykje dei har brukt på kjøpa, men det seier seg sjølv at det vil bli stilt ut kunst for eit betydeleg beløp.

(saka held fram under)

Mjølstadneset kai egersund herøy 11
KAIUTBYGGING: Anbodet på den første delen av kaiutbygginga er ute. Den går frå Egersund Herøy og vestover mot nybygget til Ervik & Sævik. Det er også sett av pengar til å bygge kaia vidare vest til Astorplast. Foto: Marius Rosbach

– Eit mangfald som er nesten unikt
I nabolaget ligg bedrifter som MMC First Process, Egersund Herøy, Ko&Ko og Astorplast. Alle opplever god vekst, og fleire har planar om å utvide. Kommunen har også løyvd pengar til å ei utbygging, som vil gi samanhengande kai aust-vest på staden.

Ordførar Bjørn Prytz påpeiker at Mjølstadneset ligg innafor bygrensa i Fosnavåg, og at utviklinga på staden er ein del av byutviklinga i kommunen.

– Mjølstadneset er også ein del av Fosnavåg sitt hamneområde, og skal vere ein industri- og servicebase. Prosjektet til Ervik & Sævik famnar om ting som ein ikkje ventar å finne i eit slikt område. Det gir staden eit mangfald som er nesten unikt, er ordføraren sin konklusjon om potensialet.

Publisert: 05.06.2021 05:55

Sist oppdatert: 26.08.2021 17:12

Mer om