Sverre Villanger Mc Donalds Moa foto Ogne
FULLT HUS: McDonalds Moa-sjef Sverre Villanger held ope frå tidleg formiddag til langt ut på kvelden. Spise- og serveringsstadane på Amfi Moa selde for 242 millionar kroner i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kjapp vekst for McDonalds-sjef

Restauranten til Sverre Villanger har vekse til å bli størst på Nordvestlandet i serveringsbransjen, viser NETT NO sin resultatoversikt.

13.08.2023

NETT NO-barometeret

Det er tidleg ettermiddagen hos McDonalds på Moa. Restauranten er full og dagleg leiar Sverre Villanger har akkurat nok tid til fotografering, men intervjuet må vi ta på telefon tidleg formiddag dagen etter, før kundane kjem.

Dette er den første av ein serie artiklar under vignetten NETT NO-barometeret, der NETT NO ser på korleis det går med bransjar på Nordvestlandet, med utgangspunkt i 2022-resultata.

Restauranten til Sverre Villanger auka inntektene kvart år sidan starten i 2016 og frå 2020 skaut lønsemda fart også.

Sjølv då koronapandemien kom i 2020 auka Villanger salet, mellom anna fordi restauranten også driv med take-away, der kundane tek med maten dei har bestilt heim.

Villa Vest Familierestauranter as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt39,434,3
Driftsresultat4,23,8
Resultat før skatt4,23,7

Villanger er franchisetakar hos McDonalds. Det er betyr at kjeda bestemmer mellom anna meny og utsjånad og leiger ut retten til å drive restauranten med eitt av verdas kjente merkenamn.

Det gjer Villanger på Moa gjennom selskapet Villa Vest Familierestauranter, i fjor selde han for neste 40 millionar kroner (sjå tabell over).

Det nesten ti millionar kroner meir enn restauranten med høgaste driftsinntekt i NETT NO si årlege resultatoversikt over restaurantar på Nordvestlandet, som omfattar frittståande restaurantar som serverer middag og/eller lunsj. (Resultat-tabell under).

Lønsemda til Villanger er også i toppskiktet. Ni av restaurantane i oversikta har eit resultat før skatt på over 10 prosent av driftsinntektene. Det nivået var Villanger på både i 2022 og 2021.

Å vere til stades og ha flinke tilsette er nøkkelen for å lukkast, seier Villanger. I restauranten brukar han 95 prosent av tida på golvet, seier han. Han har omlag 18 tilsette på heiltid og 30 på deltid.

Vekst på kjøpesenter
Villangers verksemd er ein del av serveringsbransjen som ikkje er omfatta av NETT NO si årlege restaurantoversikt.

Det er snakk om også serveringstadar som McDonalds, kafeteriar, bakeri, kioskar og gatekjøkken, og det er ingen liten del av bransjen. Mange i denne delen av serveringsbransjen held til på kjøpesenter.

Berre på Amfi Moa, der Villanger driv, var dei samla driftsinntektene til servingstadane 242 millionar kroner i fjor, fortel senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe.

Hittil i år er driftsinntektene til serveringsstadane på Amfi Moa 146 millionar kroner, opp 5,7 prosent samanlikna med same tid i fjor.

Vekst for restaurantbransjen
Frå 2020 til 2021 vaks inntektene til bedriftene i NETT NO si restaurantoversikt med 22 prosent.

Frå 2021 til 2022 er inntektsveksten 17 prosent, til 452 millionar kroner, for dei 37 restaurantane som er med i oversikta. Det er framleis ein sterk vekst, men om vi tek omsyn til at det var høgare prisstiging i 2022 enn i 2021 er den reelle veksten i restaurantmarknaden ikkje like høg som driftsinntektene tyder på. Ein del av veksten skuldast at kundane betaler meir for mat og drikke, ikkje at restaurantane har fleire gjestar.

Samla sett går også den samla lønsemda for restaurantane ned, for tredje år på rad. Det viser at restaurantane - i alle fall ikkje førebels - ikkje har ønskt eller kunne velte heile auken i råvare- og andre kostnadar over på kundane.

Restaurantoversikta er ikkje identisk frå år til år. I fjor vart Restauranthuset Apotekergata No5 i Ålesund innlemma i hotellselskapet Hotel Brosundet, og blei dermed ein av hotellrestaurantane der rekneskapen ikkje er offentleg tilgjengeleg. Sjøbua i Ålesund gjekk konkurs (og opnar igjen med ny eigar i år). Tik Cafe & Restaurant opna i Ørsta i fjor. Fire selskap som var med i fjor har førebels ikkje offentleg tilgjengelege reknskap for 2022; Smile i Molde, Hvelvet Bistro i Rauma, Jila Marina Pizzeria i Vestnes og T2 Scene i Ålesund. I fjor hadde dei fire tilsaman 26 millionar i driftsinntekter. Resultatoversikta blir oppdatert når rekneskapa er offentlege.

Store sprik i lønsemda
Restaurantbransjen er prega av store sprik i lønsemda.

16 av restaurantane i oversikta gjekk i minus i fjor. I den andre enden hadde ni restaurantar ein resultatmargin (resultat før skatt i prosent av driftsinntekter) på over 10 prosent.

For alle restaurantane var resultatmarginen 2,5 prosent. For dei 10 største er den 7,4 prosent, sjølv om to av dei gjekk i minus. Dei ti største står for 54 prosent av dei samla inntektene til restaurantane i oversikta.

Kva for restaurantbedrifter som er med i oversikta er basert på NETT NO si subjektive vurdering. Vi tek gjerne mot synspunkt og innspel om kven som bør vere med og om dekninga av restaurant- og serveringsbrasjen generelt. Skriv til redaksjon@nett.no.

Restaurantar på Nordvestlandet
Tal i mill. kroner
DriftsinntekterRes. f. skatt
RestaurantSelskap (Kommune)2022202120222021
Egon (Molde)Nordrift as (Molde)30,230,22,45,2
Egon (Ålesund)Ålesund Fahano as (Ålesund)29,623,23,32,3
RødMB Drift as (Molde)28,917,97,02,1
Bro,BrytBro as (Ålesund)26,624,1-2,90,3
Glass RestaurantGlass Restaurant as (Molde)25,525,11,62,9
XL Diner, MilkSkateflua as (Ålesund)24,415,85,51,5
ZuumaSeagrasp as (Ålesund)22,523,41,63,2
Isehaug KafeteriaIsehaug Kafeteria AS (Stryn)20,417,11,20,7
Hoven Restaurant & BarHoven Restaurant (Stryn)18,721,4-0,41,9
AnnoØyavind as (Ålesund)18,415,6-1,20,2
Molo Brew (Ålesund)Molo Brew as18,113,00,5-2,6
Eggen RestaurantRomsdalen Matopplevelser as (Rauma)16,411,2-3,4-1,3
DampsentralenDampsentralen as (Ålesund)16,44,6-3,5-3,4
Stryn Kaffebar & VerftshusStryn Kaffebar & Vertshus as (Stryn)16,314,6-0,81,0
HavfruenHavfruen Måløy as (Måløy)12,99,71,70,7
Køl Bar og Bistro (Molde)Køl Molde as12,713,0-0,7-0,2
Milano Ristorante MoldeMilano Ristorante Molde as (Molde)9,97,10,6-0,3
Happy ElefanteK19 Food as (Ålesund)9,110,9-0,21,1
Kaffehuset DråpeDråpe Ålesund Kaffehus as (Ålesund)8,47,70,10,2
Nonna LinaNonna Lina as (Ålesund)7,86,40,90,5
Long Cheng RestaurantLong Cheng Restaurant as (Ålesund)6,86,3-0,40,2
SydSyd Molde as (Molde)6,65,30,6-0,2
SkotholmenKami Skotholmen as (Herøy)6,58,4-1,50,7
Cinque MinutiCinque Minuti as (Ålesund)6,56,80,30,3
Tandori GuruTandoori Guru as (Molde)6,55,20,7-0,7
RausRestaurant Raus as (Sykkylven)6,16,0-0,5-0,3
Tajmahal TandooriTajmahal as (Ålesund)5,76,00,40,7
SødahlhusetSødahlhuset as (Rauma)5,55,6-0,20,2
Brør Mat og BryggeriBrør Mat og Bryggeri as (Volda)5,53,30,80,8
Restaurant H.K.Restaurant H.K. as (Ålesund)42,60,50,3
AskeAske Bryggeri as (Stad)3,84,00,10,0
Rekkedal GjestehusRekkedal Gjestehus as (Ørsta)3,52,50,40,4
Orient Bar RestaurantRestaurant Scandinavie as (Ålesund)3,12,8-0,20,2
Restaurant 34Tre Gode Venner as (Stryn)31,9-0,0-0,6
Maluns RestaurantMaluns as (Ulsteinvik)2,73,00,00,2
LystLystgaarden Bar & Restaurant as (Ålesund)2,40,9-2,2-1,2
TikTik Cafe & Restaurant as (Ørsta)2,1-1,0
SUM453,5382,611,117,0

Publisert: 13.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 18.08.2023 09:52

Mer om