Snorrebuda Mat og Vinhus Foto Marius Rosbach 11
TRENGDE PENGAR: Snorrebuda Mat og Vinhus i Ulsteinvik trengde meir kapital etter nytt underskot i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Trengde nye pengar for å overleve

– Ikkje gitt at ein har lokale restaurantar, seier Snorrebuda-sjefen. Måtte ta grep etter nytt underskot.

Marius Rosbach
05.10.2023

Snorrebuda Mat og Vinhus fekk eit nytt minusår i 2022, viser rekneskapen som vart offentleg denne veka.

Restauranten i Ulsteinvik sentrum nådde ny rekordomsetning og inntektene bikka for første gong sju millionar kroner. Det er ei lita auka samanlikna med året før (sjå tabell under).

Underskotet auka derimot meir, og enda på drygt 800.000 kroner etter at fjoråret var gjort opp. Det var andre år på rad med minusresultat for spisestaden og førte til at eigenkapitalen var tapt.

Tilført ny kapital
Det svake resultatet og stramme likviditeten gjer at det var knytt usikkerheit til den vidare drifta av selskapet, påpeiker leiinga i årsmeldinga.

Difor er det gjort grep i løpet av september månad. Aksjekapitalen er nedskrive til null og det er tilført ny kapital på 100.000 kroner. Det har sikra nødvendig kapital for drift via konsernbidrag og ansvarleg lån, heiter det i årsmeldinga.

Pandemi og kostnadsauke
Snorrebuda Mat og Vinhus blei stifta i 2020 og sysselsette sju årsverk i fjor.

Dagleg leiar Sigurd-Johan Thorheim legg ikkje skjul på at det har vore tøffe år. Bransjen har i tur og orden vore treft av pandemi, auke eigarskattar og galopperande straum- og råvareprisar.

– Det er ikkje gitt at ein har lokale restaurantar slik situasjonen har utvikla seg, seier han til NETT NO.

Legg om drifta
Kokken Roll-selskapet som driv catering frå lokala ved hurtigbåtkaia på Hareid, gjekk inn som majoritetseigar i selskapet i 2021.

Etter den nye kapitaltilførselen eig Kokken Roll meir enn 90 prosent av aksjane i selskapet.

Som følgje av omlegging av drifta, vil kostnadane bli redusert mot slutten av året, samanlikna med 2022 og første halvår. Det vil etter styret sin vurdering sikre drift framover.

Om planane og tiltaka ikkje lar seg gjennomføre, er det framleis knytt usikkerheit kring drifta, opplyser leiinga i årsmeldinga.

Snorrebuda Mat og Vinhus

Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
7
6,9
Driftsresultat
- 0,8
- 0,1
Resultat før skatt
- 0,9- 0,1

Publisert: 05.10.2023 11:33

Sist oppdatert: 05.10.2023 11:31

Mer om