Femdobla resultat og stort utbyte
Godt år for investeringane til Langøy-familien.
Investeringsselskapet til Langøy-familien Lapas As hadde eit superår i fjor, viser rekneskapen som no er offentleg.
Selskapet hadde finansinntekter på 106 millionar kroner i fjor, som sikra eit resultat før skatt på 81,8 millionar. Det er kring ei femdobling frå året før.
Årsrapporten viser også at familien tok ut rekordutbyte på 25 millionar kroner etter det gode resultatet.
Eigenkapital på 419 millionar
Overskotet i Lapas As kjem som eit resultat av investeringar i aksjar og obligasjonar, i tillegg til verdiauke i eigarandeler.
Selskapet eig mellom anna halvparten av aksjane i Brattvaag Electro og eiegedomsselskapet Lag Invest. I tillegg har dei store aksjepostar i selskapa FSV Group og Inpower Invest.
Eigenkapitalen var ved utgangen av fjoråret på 419 millionar kroner. Samla gjeld var på 85 millionar.
E16/S2 Podium: Kva skjer med det sunnmørske eigarskapet?
La om eigarskapen i fjor
Forretningsmannen Leif-Arne Langøy eig investeringsselskapet saman med
borna. Langøy sjølv eig 67 prosent, medan borna eig 11 prosent kvar.
I fjor la familien om eigarskapen i investeringsselskapet. Borna eigde før aksjar i det tidlegare Lapas Holding, men no går eigarskapen gjennom selskap eigd av syskena.
Publisert: 13.07.2022 15:26
Sist oppdatert: 13.07.2022 16:11