Borgstein innfelt leif arne langøy rita sævik morten ulstein foto kjetil dnv privat island offshore 111
HAR TEKE GREP: Morten Ulstein (innfelt t.h.) og dei andre syskena i Borgstein-konsernet i Ulstein er mellom familieselskapa som har gjort endringar i selskapsstrukturen det siste året. Også Leif-Arne Langøy og Rita Sævik tok grep mot slutten av fjoråret. Foto: Kjetil Haanes/DNV/Privat/Island Offshore
Nytt

Bølge med generasjonsskifter

Leif-Arne Langøy, Ulstein-familien og fleire fiskebåtreiarar er mellom dei som har teke grep. Å sleppe arveavgift er berre ein av fordelane ein kan oppnå.

Marius Rosbach
08.01.2022

Ei rekke familieeigde selskap på Nordvestlandet har det siste året gjennomført, eller budd seg på generasjonsskifte.

Sands-advokat Olav Midtgaard har jobba mykje med temaet, mellom anna i samarbeid med Ålesund-kontoret til advokatfirmaet.

– Vi har opplevd ei auke i henvendelsar knytt til generasjonsskifte. Spesielt har det vore frykt for innføring av arveavgift. Mange ville være på den sikre sida og har overført store verdiar for å sleppe eventuell arveavgift, fortel han til NETT NO.

Då brønnbåtreiar Roger Halsebakk fortalde om generasjonsskiftet i familieselskapet var han klar på at dei ville kome ei slik endring i forkjøpet.

Bjarte Reidar Aambø i advokatfirmaet Øverby Gjørtz fortel at også dei har hatt meir aktivitet det siste året: – Det blei meir fokus på dette i samband med dei varsla skatteendringane, stadfestar han til NETT NO.

Også dagleg leiar Ingvild Vartdal hos Adviso-advokatane fortel at dei hadde fleire slike saker i fjor.

(saka held fram under)

Halsebakk med generasjonskifte
HAR TEKE OVER: Anja og Robin Halsebakk har tidlegare kome inn på eigarsida i investering- og holdingselskapet til faren Roger. Ved slutten av fjoråret blei det kjent at Robin også tek over som administrerande direktør i Sølvtrans-reiarlaget. Foto:

Langøy-familien tok grep
Mot slutten av 2021 strøyma det på med kunngjeringar frå Brønnøysuyndregistera om nye morselskap og eigarselskap som blei oppretta. Grepet er typisk for å gjere eigarskapen enklare å overføre ved generasjonsskifter.

Leif-Arne Langøy og familien er mellom dei som la om i investeringsselskapet Lapas. Borna til forretningsmannen frå Brattvåg eigde før aksjar i det tidlegare Lapas Holding, men no går eigarskapen gjennom selskap eigd av syskena.

I desember blei det registrert eit nytt selskap. Same dag blei det gjennomført ein fisjon, der det tidlegare holdingselskapet blei innlemma i det nye – og det gamle vart sletta.

Samtidig blei det oppretta tre nye eigarselskap med adresse i Brattvåg - Dosmil, Gyntland, Anne-Lene Langøy Holding – som er eigd av borna til den tidlegare Aker-toppen. NETT NO har vore i kontakt med familien, men har ikkje fått nokon kommentar til saka.

Fem tips om generasjonsskifte

  • Definér rollene til neste generasjon
  • Ver klare på langsiktige mål
  • Gjer formålet med generasjonsskifte klart
  • Unngå tvistar – og ver like klare når selskapet skal seljast.

(kjelde: Sands Advokatfirma)

Ulstein-sysken med ny eigarstruktur
Ulstein-familien sitt Borgstein-selskap gjorde i desember ein fusjon.

Henning Sundet har orden på finansane i selskapet og fortel til NETT NO at den fullførte ei omlegging som har vore planlagt over lengre tid - for å førebu eit generasjonsskifte.

Eit nytt holdingselskap som blei starta tidleg i 2020, er no eigd av fem selskap - som igjen er eigd av dei fem Ulstein-syskena: Morten Ulstein, Henning Ulstein, Svein Idar Ulstein, Håvard Ulstein og Ingunn Merete Ulstein Botnen.

– Som nevnt er dette er ei førebuing som lettar eit vidare generasjonsskifte. Det gjer til eksempel at kvar av dei fem syskena kan fordele eigardelar, utan at Borgstein blir splitta opp, fortel Sundet til NETT NO.

Kvar av dei fem syskena kan fordele eigardelar, utan at Borgstein blir splitta opp
Henning Sundet

Herøy-reiar Sigurd Teige har gjort ei tilsvarande grep i familieselskapet Kaston Holding, som blei fullført med ein fisjon i desember.

Reiarlaget Ervik & Sævik er eit anna selskap, der eigarane Rita Sævik og Espen Ervik mot slutten av fjoråret stifta nye eigarselskap under ei nytt holdingselskap.

Meir enn arveavgift som spelar inn
Mot slutten av fjoråret blei det avklart politisk at noko arveavgift likevel ikkje kjem med det første. Utover hausten blei pågangen også mindre fortel dagleg leiar Ingvild Vartdal hos Adviso-advokatane i Ålesund.

– Auka skatter og avgifter er viktig, og det er naturleg å gjere vurderinga når arveavgift blir diskutert politisk. Men det er sjeldan ein bør gjere slike grep av den grunn åleine, meiner ho.

Advokaten påpeiker at generasjonsskifter bør gjerast på eit tidspunkt som er rett både for selskapet og familien.

– Om ein har vaksne barn som er aktive i drifta, kan det vere naturleg. For nokre ser vi også at ein endar opp med at det ikkje blir nok av, og at det i staden blir naturleg å selje, legg ho til.

(saka held fram under)

Adviso Kristine Grung Ingvild Vartdal Martin Olsen Høye Runar nordby Johnsen Birgitte Vaagen Rekdal foto marius 11
MEIR Å GJERE: Adviso-sjef Ingvild Vartdal (nr. 2. f.v.) fortel at ho og kollegaene har hatt meir å gjere med generasjonsskifter det siste året. Foto: Marius Rosbach

Må halde familiefreden
Olav Midtgaard i Sands er heilt samd med Vartdal i at generasjonsskifter er prosessar som krev grundige vurderinger – utover omsyn til skattetrykk.

– Ofte er det sentralt å vurdere kva som er best for selskapet, opp mot omsynet til familiefreden og kva som opplevast som ei rettferdig fordeling mellom dei ulike arvingane, påpeiker Midtgaard.

Han meiner det også kan vere fornuftig å gjere generasjonsskifte i fleire etappar, til dømes ved å bruke ulike aksjeklassar. Slik kan den eldre generasjonen overføre verdiane, men halde kontrollen i selskapet.

Ei slik løysing var det Flakk-familien i Ålesund valde då døtrene Maria og Erika Flakk skulle overta eigarskapen.

(saka held fram under)

Nye tider i familiebedrifta Flakk
ULIKE AKSJEKLASSER: Knut Flakk vart sittande att med ti prosent av aksjane i familieselskapet, etter at eigarskapen blei overført til døtrene Maria (t.v.) og Erika. Men faren hadde framleis handa på rattet med A-aksjar, medan døtrene i første omgang hadde B-aksjar. Foto: Marius Rosbach

Kan vere ulike interesser
I tillegg til lågare skatt og enklare fordeling til nye generasjonar, er det fleire fordelar ved å eige via selskapsstruktur. Adviso-sjefen fortel at det kan vere ulike ønsker hos eigarane i eit familieselskap.

Medan nokre kanskje vil investere eit overskot i andre delar av verksemda, vil andre ønske å få ut midlar for å bruke dei på andre måtar. Ulik alder mellom dei ulike eigarane, er typiske årsaker til ulike behov.

– Om ein vil investere midlane i anna verdiskapande verksemd, så er det ein fordel å gjere dette via selskapsstrukturen, i staden for å først ta ut midlane og investere privat, fortel Vartdal.

Bakgrunnen er fritaksmetoden som gjer at eit aksjeselskap kan ta utbytte frå eit anna, med minimal skatt.

– Det er politisk bestemt, og samtidig kan ein seie at det er meir samfunnsnyttig og verdiskapande at ein har mest mogleg, til å for eksempel investere i ei oppstartsbedrift. Men om ein vil ta ut midlar til privat forbruk, så må ein legge igjen litt i potten som skatt, påpeiker ho.

Podium

E13/S2 Hvordan vil ny regjering påvirke næringslivet i regionen?

Publisert: 08.01.2022 05:55

Sist oppdatert: 01.01.2023 14:02

Mer om