Hvem skal eie Sunnmørsbedriftene seminar 2022 foto Ogne
STOR INTERESSE: Rundt 170 deltakarar på eit seminar om eigarskap på Sunnmøre viser stor interesse for temaet. Fleire får store frie midlar mellom hendene etter sal av bedrifter og det har vakse fram eit miljø for å reinvestere pengane i nye bedrifter i regionen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rikingar treng også rollemodellar

Milliongevinstar frå selde familiebedrifter på Nordvestlandet blir ikkje automatisk investert inn i nye verksemder i regionen.

15.05.2022
ANALYSE

Finans-, rådgiving- og advokatbransjane spår at mange nye familiebedrifter på Nordvestlandet får nye eigarar framover, mellom anna i samband med komande generasjonskifte.

Adviso advoktafirma, Pir og First House samla denne veka rundt 170 deltakarar på eit seminar med tittelen «Hvem skal eie Sunnmøre?»

Rederikonferansen i Ålesund neste veke står mellom anna generasjonskifte på timeplanen.

Finansbransjen ser sal av bedrifter gjer at fleire får store frie midlar, og rustar opp for å handtere formuene.

I 2020 fekk Ole Magnus Orlien ansvaret Sparebank1 Søre Sunnmøre si satsing på formuesforvaltningrådgiving, med mål om å ha kundar med ein milliard kroner plassert innan 2024. Det målet vart nådd allereie i fjor.

- Dette er ein enorm marknad med eit enormt potensiale, sa Orlien til NETT NO i februar i år.

Seminaret om kven som skal eige Sunnmøre, enda ikkje opp med ein klar konklusjon, og det er neppe heller mogleg.

I jordbruket sikrar odelslova og reguleringar at eldste barn får førsteretten til å ta over. I fiskeri avgrensar kravet om at majoritetseigaren/-eigarane må vere såkalla aktive fiskarar korleis eigarstrukturen skal vere. Men i næringslivet ellers er det lite slike reguleringar.

Det er ingen garanti for at etterkomarane etter grunnleggarane har vilje, interesse, eller er best til å drive selskapet vidare. Og om ikkje ein, eller ei gruppe arvingar vil kjøpe ut resten, blir eigarskapet meir og meir oppslitta med generasjonane, samstundes som familiebanda mellom eigarane blir slakkare. Då er det ein kunst å forvalte eigarskapet på ein måte som held eigarskapet i familien.

På toppen av dette kjem at det skjer konsolideringar i mange bransjar, dei store blir større, og der er også bedrifter på Nordvestlandet ettertrakta.

Samstundes står tanken om at lokalt eigarskap gir ekstra gevinstar for samfunnet sterkt på Nordvestlandet.

Om dei som sel bedrifter reinvesterer i andre bedrifter på Nordvestlandet kan regionen få i pose og sekk, ny kapital og nye idear inn i bedriftene som blir selde og nordvestlandsk kapital inn i andre og kanskje nyeetablerte selskap.

Både dei ulike greinene i Ulstein-familien, dei tidlegare Optimar-eigarane og Ship Equip-eigarane er døme på investorar som reinvestere i nye bedrifter etter at store utanlandske selskap tok over (Vickers/Rolls-Royce/Kongsberg Gruppen, den tyske Haniel-familien og Inmarsat).

Frå dei tidlegare eigarane, spring mellom anna Island Offshore og Ulmatec, Pir-miljøet og Novela-miljøet.

Det investorane som har reinvestert i ny verksemd på Nordvestlandet har til felles er at dei var aktive bedriftsleiarar, og/eller grunnleggarar frå før.

Ikkje ta det for gitt at folk som i utgangspunktet var passive eigarar i familieselskapet utan vidare skal blir aktive investorar i nye bedrifter etter at dei har seld seg ut.

Det nok av aktørar som kan hjelpe med å plassere pengane, med både mindre risiko og mindre arbeid.

Det er kanskje ikkje desse passive pengane gründerar og etablerte bedrifter er på jakt etter heller. Vel så viktig som pengar, er at nye investorar i bedriftene også har kunnskap og eit nettverk som kan hjelpe bedrifta fram.

Då NETT NO publiserte sin første artikkel i 2013 var det knappast eit investormiljø på Nordvestlandet - i betydninga investorar som investerte utanom eigne selskap. Det klaraste unntaket frå regelen var Gunnar Carlson i Måløy.

Det har endra seg mykje, også mellom anna takka vere det langsiktige arbeidet ÅKP har gjort for å skape møteplassar og miljø der investorar og gründerar kan møtast.

Det som har vore med på å få investormiljøet til å vekse fram har gjort ein viktig innsats for at fleire skal følgje etter. No er det skapt eit miljø. Det er lettare å bli med i eit miljø enn å vere den som dreg det i gang.

Det handlar både om å gjere det klart at å vere ein investor i næringslivet på Nordvestlandet er eit alternativ etter eit eventuelt bedriftssal, og at det er eit miljø med erfaring å lære av. Det senkar terskelen for å bli med.

Difor er aktørane bak framveksten av investormiljøet viktige rollemodellar.

Investeringsdirektør Tore Tønseth i Ronja Capital sa på eigarskapsseminaret at at det er eit tak for kor store investeringar investormiljøet på Nordvestlandet kan vere med på.

Taket har blitt høgare etter kvart som fleire har fått frie midlar mellom hendene, og kjem til å bli enda høgare, men er i dag omlag på 100 millionar kroner, seier Tønseth til NETT NO.

Evna til å reise store beløp kan vere ei utfordring for å ha oppretthalde eit nordvestlandsk eigarskap , meiner Håvar Risnes, som har ansvaret for arbeidet med investorarbeidet i ÅKP. Han etterlyste tidlegare i år såkalla venturefond, som kan reise større beløp for investeringar i bedrifter med ambisjonar om raskt og stor vekst.

– Slike fond finst ikkje her på våre trakter. Når selskapa søker ut, blir det lokale eigarskapet svakare og resultatet kan bli at folk på utsida av Sunnmøre eig vinnarane, sa Risnes.

Det som er neste steg for investormiljøet på Nordvestlandet er kanskje å legge grunnlaget for at investorar på Nordvestlandet kan gjere større investeringar enn i dag, og at det også er plass for investorar som ikkje vil ha ei aktiv rolle.

Publisert: 15.05.2022 05:00

Sist oppdatert: 15.05.2022 12:12

Mer om