Ferje nummer 2 til Hareid Sulesund
NUMMER TO: M/F Hadarøy blei sett inn i ruta Hareid - Sulesund frå 1. januar. No er den andre av i alt tre nye ferjer klar frå verftet.
Nytt

Ferje nummer 2 til Hareid-Sulesund

Havyard har levert den andre av tre nye ferjer til sambandet Hareid-Sulesund.

05.02.2019
Ferjene som går på Hareid-Sulesund er Havyard 936-design og den første trioen i første av ei lang rekke ferjer der Havyard Group både leverer design, framdrift, broløsninger og bygger ferja, skriv selskapet i ei pressemelding.
Ferja har ein kapasitet på 120 personbilar.
Det er Fjord 1 som skal trafikkere sambandet. Den tredje av ferjene skal leverast til Fjord 1 i mars.
Ferjene skal gå på batteri når ladestasjonane er på plass. Inntil vidare skal dei gå på biodiesel.

Publisert: 05.02.2019 16:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31