Fiskerstrand Verft april 2021 innfelt magne standal foto samferdselsfoto 11
DOKKSUKSESS: Ferjerush ved Fiskerstrand Verft. Adm. dir. Magne Standal er optimistisk for framtida etter satsinga på større dokk. Foto: Samferdselsfoto ved Tor Arne Aasen/Marius Rosbach
Nytt

Ferjerush etter å ha satsa på ny dokk

Fiskerstrand Verft tener pengar og har godt med arbeid resten av året.

03.05.2021

- Ja, investeringa i ny dokk har gjort oss mykje meir fleksible. Det merkar vi på aktiviteten.

Det seier adm. dir. Magne Standal ved Fiskerstrand Verft.

Siste vekene har det vore eit rush av ferjer inne til vedlikehald. Samstundes låg Norled-ferjene Kvam, Os og Sand ved verftet, i tillegg til Torghatten-ferjene Tysfjord og Malangen.

At dei vel å ta turen sørover for å ta vedlikehaldet hos oss, viser også at vi er konkurransedyktige
Magne Standal

- Er konkurransedyktige
Medan Norled-ferjene går i trafikk på Sunnmøre, kom Torghatten-ferjene frå Nord-Norge.

- Vi har lenge hatt eit godt samarbeid med Torghatten, og bygt fleire nye ferjer for selskapet. Men at dei vel å ta turen sørover for å ta vedlikehaldet hos oss, viser også at vi er konkurransedyktige, seier Standal.

No er også Fjord1-ferja Eid på plass ved verftet, og om nokre dagar kjem Norled-ferja Austevoll.

- Alle ferjene skal dokkast, og med ei dokk på 165 x 27,4 meter kan vi no ta to store skip inn i dokka samstundes, noko som gjer oss meir fleksible.

Hurtigruten tilbake som kunde
I tillegg til vedlikehald på ferjene, ligg Hurtigrute-skipet Polarlys ved verftet for vedlikehald og seismikksipet Geo Barents er inne til ei mindre ombygging.

- Det er spesielt gledeleg at vi har fått tilbake Hurtigruten som kunde. Selskapet hadde vi mykje arbeid for på 90-talet og litt inn på 2000-talet, men så sa det stopp ettersom vi konsentrerte oss om nybyggingsoppdrag. No er Hurtigruten heldigvis tilbake.

Standal seier at verftet hadde eit godt år i fjor.

- Vi tener pengar, og det ser bra ut framover. Vi har godt med arbeid for eigne tilsette heilt fram til jul.

(saka held fram under)

Vi tener pengar, og det ser bra ut framover
Magne Standal

Satsar på lærlingar
Totalt er det 114 eigne tilsette ved verftet, inkludert fem lærlingar.

- Vi satsar aktivt på lærlingar for å utdanne eigne veftstilsette. Det må til, seier Standal.

Han opplyser at det derimot har vore krevjande også for ein del utanlandske leigearbeidarar under koronaen.

- Ja, innreiserestriksjonar og karantenebestemmelsar har gjort dette vanskeleg, og det har vi merka. No håper vi at det snart kan verte ein meir normal situasjon.

Stor løftekapasitet
Fiskerstrand Verft fekk sin nye dokk i oktober 2019. Den 165 meter lange flytedokka har ein løftekapasitet på 12.000 tonn.

Dokka var opphaveleg bygt i St. Petersburg i 1970, men Fiskerstrand Verft kjøpte dokka frå det lithauiske verftet Western Shipyard i Klaipedia.

Etter omfattande oppgradering i Polen, kom dokka til Fiskerstrand, medan verftet selde si gamle dokk til Belgia.

Publisert: 03.05.2021 15:28

Sist oppdatert: 03.05.2021 15:43

Mer om