Lars j hagseth henrik dalelid vedde joachim orvik foto ferjeaksjonen møre og romsdal 222
FERJEAKSJONEN: Desse tre er sentrale i ferjeaksjonen. Frå venstre: Lars J. Hagseth, Henrik Dalelid Vedde og Joachim Orvik. Foto: Arnt Sommerlund/Ferjeaksjonen Møre og Romsdal
Nytt

Glad for «klar bestilling» frå Stortinget

Ferjeaksjonen nøgd etter at fleirtalet slår fast at staten skal ta rekninga for nullutsleppsferjer og hurtigbåtar.

Marius Rosbach
20.04.2021

Ferjeaksjonen Møre og Romsdal ser positivt på innstillinga til den maritime meldinga frå næringskomiteen på Stortinget, ifølgje ei pressemelding.

Fleirtalet er tydeleg på at staten må sørge for at inntektene til fylket blir kompensert av meirkostnaden ved å ta i bruk null- og lågutsleppsteknologi på ferjer og hurtigbåtar.

– Det er gledeleg at næringskomiteen viser ansvar og har tatt signala frå Ferjeaksjonen på alvor, og kjem med ei klar bestilling til regjeringa, uttaler dagleg leiar Henrik Dalelid Vedde i Ferjeaksjonen.

Innstillinga frå næringskomiteen inneberer at fylkeskommunane kan helde fram arbeidet med å legge om til fleire elferjer – og ikkje minst lyse ut fleire hurtigbåtstrekningar for drift med lågare utslepp enn i dag.

Les meir om maritim melding under:

Langvarig konflikt
Krangelen om kven som skal ta dei auka kostnadene ved å sette inn elferjer på ein rekke fylkeskommunale strekningar, har vore ein årelang konflikt mellom sentrale og regionale styresmakter.

Fylka har dokumentert at rekninga har blitt langt høgare enn overføringane frå staten, medan regjeringspartia har meint at dette er fylkeskommunane sitt ansvar.

Innstillinga til næringskomiteen bygger på fleirtalet som danna seg etter at fleire parti tidlegare i år foreslo langt lågare ferjebillettar. Ein plan som siktar mot ei halvering av billettane, er venta å kome til Stortinget når revidert budsjett blir lagt fram seint før sommaren.

Publisert: 20.04.2021 09:15

Sist oppdatert: 20.04.2021 09:27

Mer om