Lærlingar lærlinger fiskerstrand verft innfelt mats monsen fagforbundet 11
VIL HA LOVFESTA RETT: Mats Monsen er leiar i Fagforbundet ung (innfelt) vil ha ei lovfesta rett til lærlingplassar slik Daniel Andre og Andreas fekk ved Fiskerstrand verft. Bedrifta var mellom dei som skjerma lærlingan frå økonomiske kutt under koronapandemien. Foto: Marius Rosbach/Fagforbundet
Nytt

Fryktar stor mangel på fagarbeidarar

Ein av fire elevar går utan lærlingplass, sjølv om Noreg manglar fagarbeidarar.

NPK
30.03.2021

NPK: Ifølgje NRK vart det i 2019 gjort utrekningar som syner at Noreg kjem til å mangle rundt 100.000 fagarbeidarar innan 2035.

Ferske tal viser at færre fekk lærlingplass i 2020. 28.800 elevar søkte om lærlingplass i 2019, og 78 prosent av dei fekk slik plass.

Mats Monsen er leiar i Fagforbundet ung. Han meiner det hastar med å lovfeste retten til lærlingplass for å sikre at elevane får fullført yrkesopplæringa.

Både Ap og SV har tidlegare programfesta at dei vil innføre ein lovfesta rett til lærlingplass.

– Alle skal ha rett til lærlingplass eller eit likeverdig tilbod, sa kunnskapsminister Guri Melby (V) då regjeringa sist fredag la fram den såkalla fullføringsreforma. Her heiter det at regjeringa vil lovfeste retten til at elevar skal få lærlingplass eller «eit likeverdig tilbod».

I dag finst det alt eit tilbod til dei som ikkje får lærlingplass, men Melby har vedgått at dette tilbodet er for dårleg.

Mathilde Tybring-Gjedde (H), medlem av utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, gjer det klart at ho ikkje er nøgd med at så mange er utan lærlingplass. Ho vil likevel ikkje endre lova.

– Om retten til lærlingplass blir lovfesta, må vi påleggje bedriftene til å ta imot lærlingar eller så må vi styre utdanningsvala til elevane. Løysinga er heller å auke tilskotet til å ta inn lærlingar, og samstundes stille krav gjennom offentlege tilbod at bedriftene tek inn lærlingar, seier ho.

Heller ikkje NHO ynskjer å lovfeste retten til lærlingplass.

Publisert: 30.03.2021 12:59

Sist oppdatert: 30.03.2021 14:31

Mer om