Utan cruiseskip i ordreboka er Vard-verfta per i dag opptekne med å byggje forsvar for vindkraft-, olje-, fiskeri og forsvar.
Det er ei gruppe fartøy som Fincantieri har plassert i forretningsområdet offshore og spesialskip, og som er ei reindyrka Vard-verksemd.
Forretningsområdet offshore og spesialskip har hatt eit kraftig oppsving i inntektene i årets ni første månader (sjå tabell under)
Samstundes har den relative lønsemda også auka. Det viser 3. kvartalsrapporten til Vard-eigar Fincantieri, som vart offentleggjort torsdag.
Vard-konsernet omfattar meir enn det som ligg under forretningsområdet offshore og spesialskip, men tala til forretningsområdet gir uansett ein god peikepinn om utviklinga i det norske verftskonsernet.
(Cruiseskipbygging er plassert i forretningsområdet skipsbygging og omfattar både større cruiseskip - som blir bygd hos Fincantieri-verft, og mindre cruiseskip - som kan byggast av Vard-verft, journ. anm.).
Nye cruiseskip
Målt etter auke i ordreinngang er det forretningsområdet skipsbygging som har gjort det best hittil i år, med nye oppdrag for nesten sju milliardar euro.
Veksten skuldast mellom anna bestillingar på nye store cruiseskip frå Norwegian Cruise Line, fregatter frå USA og ubåtar frå Italia. Alle desse oppdraga går til Fincantieri-verft i Italia og USA.
Går det som Fincantieri håpar, kan det bli bygd fregattar av same type som USA har bestilt også hos verft på Nordvestlandet, som ein del av opprustninga av det norske forsvaret.
Skipsdåp
Fredag har Vard og Norwind Offshore invitert inn til dåp av skipet Norwind Helm på Skansekaia i Ålesund.
Skipet som er utrusta av Vard sitt verft i Brattvåg, blir det femte skipet i flåten til Ålesund-reiarlaget
Gjennom Vard har Fincantieri fått ein stor del av markanden for bygging av skip til vindkraftindustrien til havs - og veksten i denne marknaden er framleis aukande, ifølgje kvartalsrapporten.
Fincantieri-konsernet | ||
Pr. 3. kvartal. i mill. Euro | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 5583 | 5383 |
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 328 | 276 |
Forretningsområde skipsbygging | ||
Per 3. kvartal. i mill. Euro | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 4124 | 4354 |
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebtida) | 257 | 256 |
Ordreinngang | 6997 | 2752 |
Ordrereserve | 22035 | 18908 |
Forretningsområde offshore og spesialskip* | ||
Per 3. kvartal. i mill. Euro | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 917 | 710 |
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 45 | 31 |
Ordreinngang | 1139 | 887 |
Ordrereserve | 2117 | 1866 |
* Frå og med 2023 er Vard-verfta i Romania rekna inn i dette forretningsområdet. |
Publisert: 14.11.2024 16:40
Sist oppdatert: 15.11.2024 00:25