– At Nordvestlandet får styrkt sitt omdømme som ein inkluderande og raus region som set fellesskap høgt på agendaen vil gjere regionen meir attraktiv å bli boande i, flytte til og investere i, seier Christian W. Finnskog om kva han håpar blir gevinsten av festivalen i Ålesund.
Årets The North West-festival er den andre i rekka der Finnskog har ansvaret for programmet. Festivalen startar i morgon, søndag 27. april, og varer til og med onsdag 30. april.
Les programmet her (ekstern lenke)
Medan miljø- og berekraft var sentralt i starten, første gang The North West blei arrangert i 2017, har Finnskog spissa festivalen inn mot eitt tema, det sosiale.
Ei utfordring for heile regionen
Då Finnskog og ektefellen - Løvenvold Theater-sjef Kathrine Synnes Finnskog - flytta til Ålesund hadde dei allereie eit nettverk på plass. 
Ikkje alle har det, og utfordringa med å kome i kontakt og få vener om du kjem utanfrå, er ikkje berre ei utfordring for den einskilde, men for heile regionen, etter Finnskog si vurdering.
Folketalsutviklinga med relativt færre unge i arbeidsfør alder skjerpar konkurransen om å få folk til å bli og kome til regionen.
Datingkultur på programmet
Kaape-medgrunnleggar Josefine Rødal Tomren skal hjelpe til med å gi svar på om det er vanskeleg finne ein partnar utenfor storbyane, og korleis dette spelar inn når unge vel kvar dei vil bu.
Både personleg og frå ein rekrutteringssynspunkt er det eit djupt alvorleg tema.
– Hovudårsak til at folk flyttar på seg har med relasjonar å gjere, seier Rødal Tomren.
Mestesterskap for studentbedrifter
Blant dei mange arrangementa på The North West-festivalen er fylkesmesterskapet for studentbedrifter. 
Det blir arrangert parallelt med ei rekkje innlegg om diskusjonar om Ålesund som universitetsby og korleis den rolla kan trekkje til seg næringsliv og gjere regionen meir attraktiv.
Privat finansiert
Medan The North West-festivalen i starten var offentleg finansiert, har den i dag ikkje offentleg støtte.
Største økonomiske bidragsytarar er stiftinga Agenda Vestlandet, som er oppretta av Sparebanken Vest (snart Sparebanken Norge), som frå og med i år har ein treårig avtale om å vere med å finansiere festivalen.
Sparebanken Møre, Det Wasmuthske Og Rønnebergske Legat og Stiftelsen Kjell Holm er og bidragsytarar.
Publisert: 26.04.2025 05:00
Sist oppdatert: 27.04.2025 23:33






