- Ja, så langt ser det veldig bra ut i år, spesielt har vi fått mange bestillingar frå Kina og USA, seier dagleg leiar Roger Gjerde.
Han seier at det vert bygt mange taubåtar og lekterar i USA.
- Her har vi mange leveransar.
- Både i USA og Kina har vi dyktige agentar. Tidlegare hadde dei mykje fokus på offshore. No vert ein nøydd til å konsenterere seg mest på andre område.
Totalt er det rundt tjue tilsette i selskapet, likt fordelt mellom Gjerdsvika og Saldus.
- Vi skal utvide staben, mellom anna med ein seljar i Gjerdsvika, seier Gjerde.
- Tidlegare kom vi kanskje litt for lett til kontraktane. No må vi skjerpe oss mykje meir, og vere tett på kundane der dei finst.
- Som ei lita bedrift kan dette vere nyttig lærdom.
John Gjerde AS vart starta av John Gjerde, far til Roger Gjerde i 1971. I fjor gjekk bedrifta på ein liten smell, og hadde eit lite minusresultat av ei samla omsetning på 23 millionar kroner.
- Nei, minuset kom av at vi tok ekstraordinære nedskrivingar på fem milllionar kroner på varelageret på grunn av offshorekrisa.
- I år styrer vi mot eit fint plussresultat.
- Dette er krav frå klasseselskapa for skip som skal operere i Arktis.
- Vi kan funksjonsteste ventilane i minus 50 grader og opp til pluss 100 grader.
Ventilane har i tillegg varme-elektroder.
På den nyaste ventil-typen – Hide – kan ein i tillegg kople til med elektrisk varme.
- Ja, vi har fått til ei god arbeidsfordeling mellom Saldus og Gjerdsvika. Vi har gode produkt, gode agentar over heile verda, og ein god underleverandør i Tsjekkia.
Han rosar støtten frå Innovasjon Norge.
- Ja, Innovasjon Norge har heile vegen hatt tru på oss. Det same har Sparebanken Møre. I tillegg har vi hatt svært mange leveransar til Kleven-bygde skip.
- Det ser rett og slett ikkje så verst ut framover.
Han seier at det vert bygt mange taubåtar og lekterar i USA.
- Her har vi mange leveransar.
Forskingsfartøy
I Kina har ein mellom anna fått oppdrag til eit nytt forskingsfartøy som skal operere i Arktis.- Både i USA og Kina har vi dyktige agentar. Tidlegare hadde dei mykje fokus på offshore. No vert ein nøydd til å konsenterere seg mest på andre område.
Saldus-produksjon
Gjerdsvik-bedrifta leverer ulike typar lufterørsventilar og sjøvassfilter. Mykje av produksjonen foregår i Saldus i Lithauen, medan sal og utvikling skjer i Gjerdsvika.Totalt er det rundt tjue tilsette i selskapet, likt fordelt mellom Gjerdsvika og Saldus.
- Vi skal utvide staben, mellom anna med ein seljar i Gjerdsvika, seier Gjerde.
- Nyttig lærdom
Han ser ikkje berre mørkt på offshorenedturen.- Tidlegare kom vi kanskje litt for lett til kontraktane. No må vi skjerpe oss mykje meir, og vere tett på kundane der dei finst.
- Som ei lita bedrift kan dette vere nyttig lærdom.
John Gjerde AS vart starta av John Gjerde, far til Roger Gjerde i 1971. I fjor gjekk bedrifta på ein liten smell, og hadde eit lite minusresultat av ei samla omsetning på 23 millionar kroner.
Store nedskrivingar
Roger Gjerde seier at det ikkje ligg dramatikk bak resultatet.- Nei, minuset kom av at vi tok ekstraordinære nedskrivingar på fem milllionar kroner på varelageret på grunn av offshorekrisa.
- I år styrer vi mot eit fint plussresultat.
Test-skap
Selskapet har nyleg investert i eit klimaskap, der ein kan teste ventilane heilt ned i minus 50 grader.- Dette er krav frå klasseselskapa for skip som skal operere i Arktis.
- Vi kan funksjonsteste ventilane i minus 50 grader og opp til pluss 100 grader.
Ventilane har i tillegg varme-elektroder.
På den nyaste ventil-typen – Hide – kan ein i tillegg kople til med elektrisk varme.
God støtte
Roger Gjerde ser lyst på framtidsutsiktene.- Ja, vi har fått til ei god arbeidsfordeling mellom Saldus og Gjerdsvika. Vi har gode produkt, gode agentar over heile verda, og ein god underleverandør i Tsjekkia.
Han rosar støtten frå Innovasjon Norge.
- Ja, Innovasjon Norge har heile vegen hatt tru på oss. Det same har Sparebanken Møre. I tillegg har vi hatt svært mange leveransar til Kleven-bygde skip.
- Det ser rett og slett ikkje så verst ut framover.
Tidlegare kom vi kanskje litt for lett til kontraktane. No må vi skjerpe oss mykje meir
Publisert: 26.08.2016 15:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59






