NTB y VM k IS7 H3 E 1
Hadde han kunna gå tilbake i tid og gjere jobben på nytt, ville finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) ha etablert ei straumstøtte lik dagens ordning allereie i 2021. – Vi trudde det berre ville bli ei kortvarig svinging, seier han. Foto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK
Nytt

Finansministeren: – Vi trur neste år blir eit lysare år

Finansministeren trur norsk økonomi er på veg inn i smulare farvatn.

27.12.2023

(NPK-NTB-Anders R. Christensen og Steinar Schjetne): – Då vi sat her i fjor, tenkte vi at vi var på veg inn i opprørt hav med mange bølgjer og venta at 2023 ville bli eit røft år. Framleis er det store bølgjar, men vurderinga vår er at det vil vere rolegare neste jul enn det er no. Det vil vere meir behageleg for folk, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NTB.

– Vi har tru på at neste år blir eit betre år enn i år, legg han til.

Noreg har vore gjennom eit år som har vore krevjande for folks privatøkonomi. I løpet av 2023 har Noregs Bank sett opp styringsrenta med 1,75 prosentpoeng til 4,5 prosent, som er det høgaste sidan hausten 2008.

Gjengs bustadlånsrente ligg no oppunder 6 prosent – og då har dei to siste renteaukane enno ikkje gripe inn i kvardagsøkonomien i hushalda for alvor. Bankane har seks vekers varslingsfrist. Den siste renteauken tidlegare i desember kjem ikkje til å bli merka for alle før i februar.

Og prisveksten har halde seg høg gjennom året – så høg at sjølv ikkje eit lønnsoppgjer på over 5 prosent var nok til å sikre folk auka kjøpekraft.

– 2023 er eit år vi kjem til å lese om i historiebøkene, fastslår finansministeren.

Folk har dårlegare råd

Nokre timar før Vedum sette seg ned med NTB, kom ferske tal frå Statistisk sentralbyrå som viser at norske hushald hadde ein nedgang i realinntekta på 1,4 prosent i fjor. Samtidig auka talet på personar med låg inntekt med 18.600 frå året før.

Dette har skjedd på vakta til Vedum. Når vi nærmar oss slutten på 2023, kan vi rekne med at utviklingstrekka frå året før gjer seg gjeldande også i år.

– Dette er krevjande for mange, spesielt for barnefamiliar som har mange utgifter og ein del eldre som har låge inntekter. Derfor har vi prioritert dei gruppene spesielt. Men det aller viktigaste er å få ned prisveksten, halde folk i jobb og sørgje for at det er mogleg for bedriftene å gi ein lønnsvekst som gjer at folk føler at dei igjen har litt meir økonomisk pusterom, seier Vedum.

Han og statsministeren har prata på inn- og utpust i heile haust og vinter om tiltaka som blir sette inn for å gjere dyrtida litt mindre belastande for vanlege folk: Billigare barnehage, betre barnetrygd, utvida SF0-tilbod og auka satsar på ei rekke stønader og støtteordningar.

Pensjonistane har fått eit historisk godt oppgjer, og bøndene fekk landa eit jordbruksoppgjer som saknar sidestykke dei seinare åra.

– Det vi har gjort på skatt, har vorte litt borte, men åtte av ti har jo fått lågare eller lik skatt med oss. Dei 5–10 prosentane som har fått størst skatteauke, har kanskje synst mest, men det breie laget har fått mindre skatt, seier Vedum.

Ville hatt betre straumstøtte

Men straumstøtteordninga for folk flest vart først bra nok i haust. I tilbakeblikk medgir Vedum at han gjerne skulle hatt dagens ordning allereie frå første stund.

I den første ordninga som vart vedteken i 2021, tok staten 55 prosent av rekninga for prisar som på månadsbasis oversteig 70 øre kilowattimen i gjennomsnitt. I dag er ordninga timebasert og dekkjer 90 prosent av straumprisar over 70 øre kilowattimen.

– Då vi innførte ei forsterka ordning under Ukraina-krigen, trudde vi at dette ville bli ei kortvarig svinging. Modellen vi har laga no, er mykje meir kraftfull enn den som var i fjor vinter. Men det var heilt nytt. Ein hadde aldri laga noko sånt før. Den timebaserte modellen vi har no, er betre og gjer det meir føreseieleg for folk, seier Vedum.

Han voks sjølv opp på slutten av 1980-talet og starten av 1990-talet, som var ein periode både med høg prisvekst og høg rente. Då var også arbeidsløysa veldig høg, noko som «skapte kjempemykje problem». No påpeikar Vedum at han kvar dag jobbar med å gjere kvardagen enklare for folk.

– Den økonomiske politikken handlar berre om å komme oss så trygt og raskt som mogleg gjennom denne perioden, så kvardagsøkonomien til folk kan bli betre, seier han.

Krevjande politisk år

Året har også vore krevjande politisk for Vedum. To år etter at partiet tredde inn i regjering, er oppslutninga halvert og partiet vart i kommunevalet i haust straffa beinhardt av veljarane i område som vart ramma av lokalt upopulære avgjerder – som elektrifisering av Melkøya med straum frå land og innføringa av grunnrenteskatt for havbruksnæringa.

– Hovudjobben min er å skape tryggleik i Noreg, og vi har teke nokre val som kanskje ikkje akkurat no gir gevinsten. Men eg meiner at det vi gjer på nasjonal kontroll, sørgje for å styrkje forsvar og sørgje for at vi rustar Noreg til å tole litt hardare farvatn rundt oss er viktig, seier finansministeren.

Trass langvarige og høglydte protestar frå svært sterke krefter i det som er ein av berebjelkane i norsk næringsliv, skaffa regjeringspartia tilstrekkeleg støtte til at ordninga vart vedteken på forsommaren.

– Eg visste at det ville bli støy, for vi utfordra ganske kapitalsterke krefter, men når det er gjennomført kjem det til å vere ein skatt som står der i ein generasjon. Og neste år vil folk kjenne oppsida med det mellom anna med lågare barnehagepris, seier Vedum.

Publisert: 27.12.2023 11:54

Sist oppdatert: 27.12.2023 13:31