Sunnmøre tingrett foto ogne 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
PERSONLEG KONKURS: Etter å ha vunne fram med eit erstatningskrav har Norway Royal Salmon kravd motparten personleg konkurs. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fira ikkje på konkurskrav

Norway Royal Salmon avslo avtale etter Sunsea-konkurs.

17.01.2022

Etter at oppdrettselskapet Norway Royal Salmon i fjor vann fram med eit erstatningskrav mot Edgard Sandanger etter konkursen i salsselskapet Sunsea Seafood, har Sandanger fleire gangar tilbode oppdrettsselskapet ein frivillig eller offentleg gjeldsavtale.

Hovudgrunnen er at han ikkje har midlar til å betale kravet.

Det kom fram då Sunnmøre tingrett behandla konkurskravet mot Sandanger personleg måndag.

Oppdrettselskapet har ikkje takka ja til tilbodet, og sto i rettsmøtet fast på sitt konkurskrav. Dermed blei det opna konkurs.

Meiner motparten ikkje er interessert i avtale
Sandanger si vurdering er at Norway Royal Salmon ikkje er interessert i ein avtale, men å råke han gjennom å ikkje inngå ein avtale og gjennom medieomtale av saka.

Han avviste også at det finst skjulte midlar, og sa han har bedt Norway Royal Salmon dokumentere at slike skulte midlar finst - noko som ikkje er gjort.

Det opphavlege kravet på 4,4 millionar kroner mot Sandanger er no oppe i 5,1 millionar, ifølgje Norway Royal Salmon sine opplysningar i rettsmøtet.

Strid om 15 lastebilar med laks
Striden mellom Sandanger og Norway Royal Salmon gjeld betaling for fem av i alt 15 lastebilar med laks. Desse blei leverte frå Norway Royal Salmon til salsselskapet Sunsea Seafood på Moltustranda våren og sommaren 2017.

Norway Royal Salmon meinte Sunsea Seafood ikkje hadde betalt som avtalt, og gjekk til sak med krav om erstatning. Sandanger var hovudaksjonær, dagleg leiar og styreleiar i selskapet.

Etter fleire rundar i rettsapparatet vart lagmannsretten sin dom i saka - der Sandanger vart dømd til å betale erstatning - rettskraftig i mars i fjor.

Publisert: 17.01.2022 15:01

Sist oppdatert: 17.01.2022 19:13

Mer om