Bjarte Aambø tv Edgar Sandanger foto Ogne
NY RUNDE: Norway Royal Salmon og Edgar Sandanger har allereie hatt fem rundar i retten. No kan det bli ei sjette. I bakgrunnen Sandangers advokat, Bjarte Aambø. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Krev Sandanger personleg konkurs

Har krav mot seg på 4,4 millionar kroner.

16.12.2021

Lagmannsretten dømde i 2020 Edgar Sandanger til å betale Norway Royal Salmon 4,4 millionar kroner i erstatning etter ein handel med laks.

Høgsterett avviste tidlegare i år anken frå Sandanger og dommen vart rettskraftig.

No har Norway Royal Salmon begjært Sandanger personleg konkurs for å få pengane. Kravet om konkursopning skal opp i Møre og Romsdal Tingrett 17. januar 2022.

Ikkje midlar
Bjarte Aambø i Øverbø Gjørtz var Sandanger sin advokat i erstatningsaka og er det også i konkursbegjæringssaka.

Han meiner Norway Royal Salmon ikkje har noko økonomisk å vinne på at det blir opna konkurs.

- Vår konklusjon er at der ikkje er frie midlar, seier Aambø.

Han seier og at der er samtalar mellom partane "med henblikk på å finne ei løysing".

Lastebilar med laks
Striden mellom Edgar Sandanger og Norway Royal Salmon gjeld betaling for fem av i alt 15 lastebilar med laks. Desse blei levert frå Norway Royal Salmon til salsselskapet Sunsea Seafood på Moltustranda våren og sommaren 2017.

Norway Royal Salmon meinte Sunsea Seafood ikkje hadde betalt som avtalt, og gjekk til sak med krav om erstatning.

Kravet var retta mot konkursbuet til Sunsea Seafood - som gjekk konkurs i 2018 - og mot dåverande dagleg leiar og hovudaksjonær Edgar Sandanger, og mot driftsleiaren i produksjonsselskapet Sunsea (som også gjekk konkurs).

Driftsleiaren vart frikjent i tingretten, men ikkje Sandanger.
Sandanger anka dommen i tingretten, men også lagmannsretten gav Norway Royal Salmon medhald i erstatningskravet mot Sandanger.

Den første dommen i langmannsretten vart oppheva av Høgsterett, etter ei anke, og sendt attende til lagmannsretten fordi Høgsterett meinte dommen ikkje var godt nok grunngjeven.

Også andre gangs behandling i lagmannsretten gjekk i Sandangers disfavør.

Publisert: 16.12.2021 14:14

Sist oppdatert: 16.12.2021 14:14

Mer om