Dag inge ulstein foto ntb scanpix
NY KRF-LEIAR? Dag-Inge Ulstein er førebels utviklingsminister, men vil dei neste fire åra sitje på Stortinget. Arkivfoto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Nytt

Fire fylkeslag vil ha Ulstein

Men KrF-kvinnene går for Bollestad.

07.10.2021

(NPK-NTB-Gunnhild Hokholt Bjerve og Marie De Rosa): Dag-Inge Ulstein bør bli ny KrF-leiar, meiner fylkesstyret i både Vestland og Vestfold og Telemark. Vestlendingen har no fire fylkeslag i ryggen.

Ulstein får ikkje uventa støtte frå sitt eige fylkeslag i kampen om toppvervet etter Kjell Ingolf Ropstads avgang. Seint onsdag kveld uttrykte òg Vestfold og Telemark si støtte til utviklingsministeren.

Frå før har òg fylkesstyra i Møre og Romsdal og Agder spelt inn Ulsteins namn til valkomiteen i den første høyringsrunden, og han har òg støtte frå ungdomspartiet.

– Ulstein er ein samlande kandidat som vi meiner har evne til å mobilisere breitt. Han har evne til å skape begeistring og levere viktige politiske gjennomslag for KrF, seier Vestlands fylkesleiar Morten Helland til NTB.

Fattigdom og klima
Fylkesstyret meiner Ulstein kan styrkje eigarskapen til partiet til saker som kamp mot fattigdom både ute og heime, omfordeling, klima og næringspolitikk. Dei meiner òg at fungerande partileiar Olaug Bollestad bør vere med i leiinga, legg Helland til.

Fylkesstyret i Vestland meiner leiaren av partiet bør sitje på Stortinget.

– Luksusproblem
Også i Vestfold og Telemark meiner fleirtalet at partileiaren må vere ein stortingsrepresentant.

– Vi meiner Ulstein er samlande og ein mann for framtida som kan nå ut til nye veljargrupper, seier fylkesleiar Bror-Lennart Mentzoni til NTB.

Han viser til Ulsteins engasjement for internasjonal solidaritet, klima og miljø.

– Eg må seie at det kjennast som ein har eit luksusproblem når ein må velje mellom to så gode kandidatar. Vi er trygge på at om det er slik at Dag-Inge ikkje kan eller vil, så er Olaug absolutt kapabel til å halde fram som leiar, seier fylkesleiaren.

KrF-kvinnene går for Bollestad
Fungerande partileiar Olaug Bollestad er likevel førstevalet til KrFs kvinneorganisasjon. Det vart vedteke på KrF Kvinners sentralstyremøte onsdag, opplyser leiar Mariam Holter Rapp til NTB.

Bollestad blir òg støtta av sitt eige fylkeslag Rogaland.

Oslo og Trøndelag har spelt inn begge dei to stortingsrepresentantane som kandidatar til leiarvervet, og Trøndelag trekkjer i tillegg fram tre KrF-arar som ikkje sit på Stortinget: Hans Olav Syversen, Øyvind Håbrekke og Jorunn Lossius.

– Vi er opptekne av at leiar må ha tid til å byggje organisasjonen og reise rundt, seier leiar Bente Høston Bostad i Trøndelag KrF til NTB.

Ho peikar på at dei få stortingsrepresentantane partiet har vil få det travelt, og opplyser at fylkesstyret diskuterte om partileiaren bør sitje på Stortinget.

– Begge delar har fordelar og ulemper, seier ho.

Tre er tause
Tre fylkeslag har ikkje ønskt å gå ut med forslaga sine overfor NTB: Viken, Troms og Finnmark og Innlandet.

– Vi har valt å ikkje gå ut med kven vi har spelt inn for ikkje å binde lokallaga våre, som skal få spele inn namn til andre runde, seier Viken-leiar Britt Egeland Gulbrandsen til NTB.

Nordland gir innspela sine i den første høyringsrunden torsdag.

Leiarvalet skjer på KrFs ekstraordinære landsmøte 13. november. Før dette skal fylkeslaga gi innspela sine i ein høyringsrunde nummer to. Valkomiteen har sett ein frist til 22. oktober for denne runden, ifølgje Vårt Land.

Ropstad gjekk av som følgje av avsløringane om at han har fått gratis pendlarbustad frå Stortinget, utan at han betalte skatt.

(©NPK)

Publisert: 07.10.2021 09:08

Sist oppdatert: 07.10.2021 09:13