Jonas gahr støre innfelt peggy følsvik foto ogne erlend angels lo 11
Partileiar Jonas Gahr Støre vil ha fleire LO-medlemar på vallistene ti l partiet framover. Det kling godt i øyra på LO-leiar Peggy Hessen Følsvik (innfelt). Foto: Ogne Øyehaug/Erland Angels-LO
Nytt

Varslar tettare band til fagrørsla

Ap-leiar Jonas Gahr Støre la vekt på støtta frå fagrørsla i talen til landsstyremøtet.

23.09.2021

(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal): Arbeidarpartiet ønskjer seg fleire LO-medlemmer på vallistene sine framover. Samtidig er håpet at fleire Ap-folk skal engasjere seg aktivt i fagrørsla.

– Vi skal vere – vi må vere – den politiske dominerande krafta i fagrørsla. Det er ingen andre parti som evnar å vere politiske verktøy for vanlege folk på same måte som Arbeidarpartiet. Det er ein veldig stor jobb for oss i åra som kjem, sa partisekretær Kjersti Stenseng då ho talte til landsstyremøtet onsdag.

Partileiar Jonas Gahr Støre trekte òg fram auka oppslutning i fagrørsla som ei viktig brikke i valsigeren i talen sin dagen i førevegen.

Støtta auka frå om lag 30 prosent ved starten av valkampen til opp mot 40 prosent på valdagen.

Felles prosjekt
Stenseng plukka opp tråden då ho samanfatta erfaringar frå valkampen og skisserte vegen vidare for partiet.

– Når vi skal byggje organisasjonen vår, så skal vi ha fleire frå LO på listene våre, men vi skal òg ha fleire arbeidarpartifolk som aktive tillitsvalde i fagrørsla, sa Stenseng.

Ho skisserte særleg tre saker som er «kjernen av vårt felles prosjekt», saker som det blir viktig å byggje vidare på framover:

  • Sterkare arbeidsmiljølov.
  • Ny grøn industri.
  • Noregsmodell for eit seriøst arbeidsliv.

Stenseng trekkjer òg fram at det var viktig å jobbe for å få folk frå fagrørsla som stortingskandidatar. Då den nye stortingsgruppa møttest for første gong onsdag, kunne dei ønskje velkommen mellom anna tidlegare handels- og kontorleiar Trine Lise Sundnes.

– Det er viktig å sørgje for at vanlege arbeidsfolk blir representert av vanlege arbeidsfolk, sa Stenseng.

To organisasjonar
Signalet om tettare band kling godt i øyra på LO-leiar Peggy Hessen Følsvik. Både LO-kongressen og LOs representantskap har gitt leiinga tydeleg marsjordre for å styrkje og utvikle det fagpolitiske samarbeidet med Ap, peikar ho på.

– LO og Arbeidarpartiet er to ulike organisasjonar, vi er ikkje alltid samde, men det fagpolitiske samarbeidet handlar om å lytte til kvarandre, ikkje bestemme over kvarandre, seier ho.

Korleis LO samtidig skal vareta synspunktet til medlemmer som har andre partipreferansar når forholdet til Ap blir tettare, svarer ho slik på:

– Det er sjølvsagt slik at LO har mange medlemmer som stemmer på andre parti. Det skal vi ha respekt for, og det skal det vere plass for. Men LOs oppgåve er å vareta interessene til medlemmene som arbeidstakarar og lønnsmottakarar. Og det er på dette grunnlaget at LOs demokratiske organ har vedteke at vi skal ha eit faglegpolitisk samarbeid med Arbeidarpartiet.

Gjekk gjennom valkampen
Arbeidarpartiet seier seg svært godt fornøgde med valkampen i år. Særleg at dei heldt fast ved bodskapen og stø kurs, sjølv då partiet nådde botnnivået i ei meiningsmåling på 17,5 prosent i januar.

Resultatet skal gjennom ei meir djuptgåande og lokal evaluering, lærepunkt skal så bli lagt fram på planleggingskonferansen til partiet i november. Men den førebelse konklusjonen til Stenseng er at det meste lykkast for Ap denne gongen. Kontrasten er stor til den opprivande oppfølginga frå valet i 2017.

– Eg trur mykje av grunnen er at vi hadde ein kunnskapsdriven kampanje om kven som hadde stemt på oss før, og kvifor dei hadde mista tillit til oss, seier ho, og nemner tryggleik i organisasjonen og ein tydeleg og meir attkjennande bodskap som andre viktige element.

Mål om 50.000 medlemmer
Stemninga på landsstyret bar preg av eit parti som framleis syg på sigers-karamellen.

– Vi skal kjenne på den kjensla det er å vinne eit val ei stund enno. Vi skal verne gledesrusen så lenge som mogleg, for det blir hardt arbeid framover, sa partisekretæren, og erklærte at møtet òg er eit startskot mot kommune- og fylkesvalskampen i 2023.

Framover blir det eit viktig mål å auke medlemstalet. Stenseng meiner det er mogleg å klare å komme opp til 50.000 igjen – opp frå snautt 45.000 ved årsskiftet.

– Det er ei prioritert oppgåve. Vi treng å rekruttere mange nye namn inn på listene til lokalvalet, og den jobben startar no. Så har vi sjølvsagt eit mål om å bli større enn valresultatet på 26,3 prosent. Eg skal vere varsam med å seie eit tal, men målet må vere å bli større enn i dag, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 23.09.2021 08:15

Sist oppdatert: 23.09.2021 08:44

Mer om