Stortinget innfelt mørebenken val 2021 Wikimedia Commons
MØREBENKEN: Etter at 99,8 prosent av stemmene er talt opp tysdag morgon, er desse inne på Stortinget frå Møre og Romsdal. Frå venstre oppe: Per Vidar Kjølmoen (Ap), Sylvi Listhaug (FrP), Frank Sve (FrP), Åse Kristin Ask Bakke (Ap), Jenny Klinge (Sp), Birgit Oline Kjerstad (SV), Geir Inge Lien (Sp) og Helge Orten (H). Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Desse utgjer Mørebenken dei neste fire åra

Skrell for Høgre, medan Sp og SV sikra kvar sitt nye mandat. I Vestland er Alfred Bjørlo og Sveinung Rotevatn frå Venstre inne.

Marius Rosbach
14.09.2021

Tysdag morgon ligg det an til at desse åtte vil vere stortingspolitikarane frå Møre og Romsdal dei neste fire åra:

  • Sylvi Listhaug (FrP)
    Frank Sve (FrP)
  • Jenny Klinge (Sp)
    Geir Inge Lien (Sp)
  • Per Vidar Kjølmoen (Ap)
    Åse Kristin Ask Bakke (Ap)
  • Birgit Oline Kjerstad (SV)
  • Helge Orten (H)

Høgre misser to mandat
Om stemmefordelinga held fram med å vere som ho er i Møre og Romsdal, misser Høgre to mandat i Møre og Romsdal. Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti kaprar kvart sitt, samanlikna med førre stortingsval.

Vestnes-ordførar Geir Inge Lien (49) kjem så vidt inn på Stortinget for Senterpartiet, medan 28 år gamle Vetle Wang Soleim (H) frå Ålesund akkurat går glipp av ein plass.

Sp har grunn til å feire, då dei har ein auke på 4,7 prosentpoeng samanlikna med resultatet for fire år sidan. Verre er det for Høgre, som har ein nedgang på 7,3 prosentpoeng.

Frp og Ap held stand
Framstegspartiet held stand – og blir det største partiet i fylket. Her får partileiar Sylvi Listhaug med seg Frank Sve (53) frå Stranda på tinget.

Også Arbeiderpartiet held sine to mandat, og er kjem to nye inn med Per Vidar Kjølmoen (48) frå Rauma og Åse Kristin Ask Bakke (25) frå Ålesund.

SV inne - KrF ute
For SV kjem 60 år gamle Birgit Oline Kjerstad inn på utjamningsmandat.

Kristeleg Folkeparti ligg an til å stå utan representasjon frå fylket for første gong sidan andre verdskrig.

Bjørlo og Rotevatn inne
I Vestland ligg Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) an til å kome inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane valkrets.

I Hordaland ligg også Sveinung Rotevatn (V) an til å halde fram på Stortinget, viste valresultatet på Pollofpolls.no.

Publisert: 14.09.2021 01:10

Sist oppdatert: 14.09.2021 09:26

Mer om