Fjord1 tersan illustrasjon Hav Design 11
LEVERAST I 2023: Slik skal dei to nye ferjene Tersan skal bygge for Fjord1, sjå ut. Illustrasjon: Hav Design
Nytt

Fjord1 bygger to nye ferjer i Tyrkia

Søsterferjene skal trafikkere Storfjorden.

Marius Rosbach
08.06.2021

Fjord1 skal bygge to nye batteriferjer ved Tersan-verftet i Tyrkia. Det opplyser verftet på si Linkedin-side tysdag.

Reiarlaget sjølv har ikkje opplyst noko om nybygga, men ifølgje ei melding publisert av fleire tyrkiske nettstader, dreiar det seg om to 84 meter lange og drygt 16 meter breie ferjer med plass til å ha om bord 248 passasjerar, 80 personbilar og seks lastebilar.

Fartøya skal vere ferdige frå verftet i andre kvartal 2023.

Dei nye ferjene med design frå Hav Design, skal trafikkere ferjesambanda Stranda–Liabygda og Eidsdal–Linge i Storfjorden. I tillegg til batteridrift, skal ferjene ha ei reserveløysing med dieselframdrift.

Publisert: 08.06.2021 15:11

Sist oppdatert: 08.06.2021 23:24

Mer om