Skal teste ny ladeløysing for ferjer
- Gigantisk, seier Nostec-gründeren om marknaden for prototypen som Hareid-bedrifta håpar å produsere lokalt.
Å lade dei mange nye elferjene går ikkje alltid som smurt, og ei bedrift på Hareid meiner dei har funne ei løysing som vil fungere betre enn dagens metodar.
– Vi tenkjer heilt annleis enn det har vore gjort til no, fortel dagleg leiar Lars Reidar Brekke i Norwegian Ocean Space Technology til NETT NO.
Gründerbedrifta på Hareid er no i ferd med å få laga prototypen, som dei skal teste.
– Vi har ein pilotkunde som vil teste dette saman med oss, fortel Brekke.
Vi fann ut at det var mest hensiktsmessig å plassere ladinga der ferja bevegar seg minst
Plassert for å minimere rørslene
Gründeren fortel at noko av den største utfordringa for dagens ladeløysingar er rørslene på ferja og kommunikasjon mellom ferja og land, når fartøyet ligg til kai for å lade.
– Vi fann ut at det var mest hensiktsmessig å plassere ladinga der ferja bevegar seg minst, framme ved køyrebrua der bilane køyrer av og på, fortel Brekke.
På den måten er rørslene på eit minimumsnivå. Plasseringa og korleis ladinga blir kopla, gjer også at behovet for kommunikasjon er minimert.
(saka held fram under)
«Gigantisk» marknad
Om testperioden er vellukka, håpar dei å vere på marknaden med løysinga i løpet av neste år. Potensialet for sal er stort, trur Brekke.
– Det er gigantisk. Brorparten av ferjene som går i verda i dag, skal over på eldrift. I nokre delar av verda vil det ta litt tid, men vestlege land er i full gong, og vi har allereie blitt kontakta av eit selskap i India, som var nysgjerrige på løysinga, fortel han.
Om det går som gründeren håpar, vil utfordringa snarare vere produksjonskapasitet, enn salskapasitet.
– Difor har vi lagt opp til ein skalerbar forretningsmodell som kan ta høgde for den potensielle veksten, fortel Brekke.
(saka held fram under)
Vil produsere lokalt
Førebels er det ikkje bestemt kvar prototypen blir laga, men målet er at produksjon, bå¨de av prototypen, og i større skala, skal skje på Sunnmøre.
– Vi vil ha produksjon og montering lokalt. Vår interesse ligg i å skape nye arbeidsplassar og verdiskaping, for å vere med å bygge heile regionen sterkare, fortel han.
Brekke som sit i dei tidlegare lokala til Hareid Elektriske. Han fortel at dei også har dialog med bedrifter i lokalmiljøet, for å sjå på moglegheitene for at dei blir involvert.
Skikøyrar og seriegründar med på laget
Arbeidet til dei fem personane som er involvert i Nostec, består førebels i første rekke av forsking og utvikling. Men bedrifta har allereie med seg den kjente skikøyraren Karsten Gefle, som har ansvar for kommunikasjon og marknadsarbeid.
Med på laget har dei også seriegründeren Bjørn Eilertsen. Ålesundaren flytta nyleg tilbake til heimbyen og har mellom anna starta rekneskapsbyrået Flytsona. I Nostec har han rolla som forretningsutviklar.
– Vi trur det er lurt å også ha med folk som ikkje har maritim bakgrunn. Då kjem ein gjerne med andre innfallsvinklar, fortel Brekke.
Styreleiar og teknisk utviklar er Severin Gjerde, som på same måte som Brekke, har fleire tiår bak seg frå maritim næring.
(saka held fram under)
Diskusjon om standardisering
I fleire år har det vore diskutert standardisering av ladeløysingane på elferjer. Styresmaktene har tidlegare vore tilbakehaldne med å innføre dette, og har vist til at den teknologiske utviklinga vil føre til at det blir laga stadig betre løysingar.
Severin Gjerde fortel at dei for så vidt ønsker ei standardisering velkomen, og håpar at lading i front vil då kunne bli den nye standarden.
– Vi meiner det er meir hensiktsmessig at ein ser på plasseringa, og at løysinga er enkel å montere og demontere, fortel Gjerde til NETT NO.
Enklare enn dagens ladetårn
Ved Hareid-Sulesund-sambandet eit par steinkast frå Nostec sine lokalar, er det bygd store ladetårn som sørger for å gi ny kraft til fartøya.
Ved gründerbedrifta i bygda er dei skeptiske både til plasseringa på sida av ferja høgt oppe, og ressursane som skal til for å få utstyret på plass med forsterking av kaianlegget.
– Med dagens løysing blir ein bunden til denne løysinga ved seinare ferjer. Med vår ladeplugg er det enkelt å fjerne utstyret og ta det med til eit nytt ferjeleie, fortel Gjerde.
Gründerane eig i dag mesteparten av Norwegian Ocean Space Technology sjølve. Lars Reidar Brekke eig 45 prosent, Severin Gjerde har nær 30 prosent og Karsten Gefle nær 20 prosent av aksjane.
Publisert: 07.06.2021 05:55
Sist oppdatert: 06.06.2021 21:27