Kontraktane med Brødrene Aa er årsaka til at Fjord1 er ein av partane som er med på å sikre pusterom for Brødrene Aa fram til 9. mai.
Poenget er at hurtigbåtverftet får tid til å finne ei varig løysing på krisa, som oppsto då Norled like før påske varsla kanselleringa av ein nybyggingskontrakt med Brødrene Aa.
Nybygget og dei to båtane under ombygging skal trafikkere Bergens bybåtruter Knarvik-Frekhaug-Strandkaien (Nordhordlandsruta) og Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta) i 15 år frå 2025 - 2040.
Båtane skal gå på batteri.
Fleire stiller opp
Saman med Fjord1, er Sparebank 1 Sogn og Fjordane og hurtigbåtreiarlaget Rødne med i samarbeidet som mellombels sikrar vidare drift ved Brødrene Aa sine anlegg i Hyen og Eikefjord.
Verftet i Gloppen sende ut permitteringsvarsel til alle tilsette 2. april, etter at ferje- og hurtigbåtreiarlaget Norled varsla verfta at reirarlaget vil kansellere kontrakten på bygging av den første av tre hurtigbåtar Brødrene Aa skal bygge for Norled.
Kontakten mellom Brødrene Aa og Norled vart inngått i 2023 og er på 420 millionar kroner.
Ifølgje Norled skuldast kanselleringsvarselet at båten er forseinka og ikkje går fort nok. Den skulle vore levert i fjor.
Ser etter kjøpar
Dagen etter at permitteringsvarselet vart sendt, fortalde styreleiar Gustav Johan Nydal til Nett No at sal av båten som Norled vil kansellere, er eitt alternativ det blir arbeidd med.
I tillegg til dei tre Norled-båtane har Brødrene Aa fem fartøy i bygging, eller i bestilling med levering innan sommaren 2026.
«Det er særs viktig å finne løysingar som sikrar langsiktig drift og at desse prosjekta vert gjennomførte som planlagt», heitte det i pressemeldinga Brødrene Aa sende ut i 2. april.
Publisert: 22.04.2025 08:37
Sist oppdatert: 22.04.2025 08:37






