Det er ein kontrakt Brødrene Aa inngjekk med ferje- og hurtigbåtselskapet Norled i 2023 som er bakgrunnen for permitteringsvarselet til alle tilsette, ifølgje ei pressemelding frå Brødrene Aa.
Hurtigbåtverftet i Hyen i Gloppen kommuen skulle bygge tre hybrid-elektriske passasjerbåtar til Norled, der to skulle brukast i sambandet mellom Trondheim og Kristiansund ei ein i ei rute i Trøndelag. Ved å bytte batteri undervegs skulle båtane kunne gå heiel vegen på straum, og dermed ikkje sleppe ut CO2.
Båtane skulle utrustast med Norled sitt eige batteribyttesystem, men dette systemet er kraftig forseinka, og "det er skuffande at det ikkje vil bli teke i bruk som føresett. I tillegg har forseinkingar og redusert fart på det første fartøyet gjort det naudsynt å vurdere alternative løysingar", skriv Brødrene Aa i pressemelding.
Verft og reiarlag har mellom anna vore i dialog om ombygging til dieseldrivne fartøy med opptil 36 knops fart, ifølgje pressemeldinga.
Varslar kansellering
Denne veka har Norled varsla at reiarlaget vil kansellere kontrakten på det første fartøyet.
"Dette set verftet i ein krevjande situasjon. På bakgrunn av dette har Brødrene Aa sett seg nøydd til å sende ut permitteringsvarsel til alle tilsette medan ein går gjennom situasjonen i detalj og vurderer nødvendige tiltak vidare. Det er eit håp om å finne løysingar som kan gjere det mogleg å unngå at permitteringane vert sett i verk.", heiter det i pressemeldinga.
Forseinka og for sein
Kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen i Norled stadfestar at reiarlaget har varsla at det vil kansellere kontrakten på det første av dei tre fartøya.
Fartøyet skulle opphavleg vere overlevert og tatt i bruk i fjor, i ei femårig kontrakt med det trønderske kollektivtrafikkselskapet AtB.
– Veldig synd, for dette er noko begge partar har jobba hardt for å få til, seier ho om kanselleringsvarselet.
Ifølgje Gjertsen er årsaka til kanselleringsvarselet at hurtigbåten frå Brødrene Aa ikkje går fort nok, i tillegg til forseinkingane. Hadde båten innfridd krava til fart ville Norled tatt den i bruk og drive den med dieselmotorar, og gradvis tatt i bruk batteriskift-systemet etterkvart som det blir klart, ifølgje Gjertsen.
420 millionar kroner
Kontrakta som ble inngått med Norled i 2023 var den største Brødrene Aa hadde inngått nokon gong.
– For det første bidrar det til god og føreseieleg aktivitet, etter nokre utfordrande år for selskapet. Samtidig tek vi no eit nytt stort sprang på vegen mot nullutslepp for hurtigbåtar, skreiv verftet om kontrakten i 2023.
No skapar Norled-kontrakten uvisse.
I tillegg til dei tre Norled-båtane har Brødrene Aa fem fartøy i bygging eller i bestilling med levering innan sommaren 2026.
"Det er særs viktig å finne løysingar som sikrar langsiktig drift og at desse prosjekta vert gjennomførte som planlagt.", heiter det i pressemeldinga frå Brødrene Aa.
I pluss etter tøffe år
I 2023 gjekk Brødene Aa med eit 5,2 millionar kroner i overskot av eit inntekt på 466 millionar krone, etter fleire år med betydlege underskot.
Då 2023-rekneskapen vart offentleg i august 2024 venta selskapet at 2024-resultatet ville bli vesentleg betre.
Publisert: 02.04.2025 14:28
Sist oppdatert: 03.04.2025 09:16