Fjordabladet kuttar avisdagar
MINDRE PAPIR: Fjordabladet kuttar ein papiravisdag i veka og utvidar tilbodet for abonnentane på nett.
Nytt

Fjordabladet kuttar avisdagar

Fjordabladet på Nordfjordeid går frå tre til to avisdagar i veka.

27.06.2016
I fjor kutta Polaris-avisene Fjordingen i Stryn og Fjordenes Tidende ei avisutgåve i veke. No gjer delvis Polaris-eigde Fjordabladet på Nordfjordeid det same.
Redaktør og dagleg leiar Tormod Flatebø seier omlegginga vil redusere kostnadane. Han vil ikkje kommentere kor mykje.
Frå 24. mai i år har Fjordabladet kome ut i papirutgåve tysdag og fredag, og Flatebø seier reaksjonane er positive.

Held oppe sidetalet

Færre avisdagar blir kompensert med tjukkare aviser, slik at det samla sidetalet blir omlag som før. I tillegg før abonnentane tilgang til avisa i elektronisk utgåve, og også tilgang til stoff i nettutgåva som er lukka for ikkje-betalande.

Fjordabladet tok omstillingskostnadar som gjorde at 2014-underskotet blei over ein million kroner. I 2015 gjorde ein generell svikt i annonsemarknaden og ein reduksjon i talet på abonnentar frå 2579 til 2458 ( minus 121) at selskapet fekk eit underskot på 0,3 millionar kroner i 2015 (sjå tabell).

Stabilt lokalt

Flatebø seier annonseinntektene frå lokale annonsørar, som tingar annonser direkte frå avisa, var omlag like stor i 2015 som i 2014.
Fjordabladet har ti tilsette.
I 2014 gjekk nesten alle avisene i Polaris Media Nordvest med underskot, mellom anna på grunn av kostnadar til sluttpakkar for å redusere bemanninga.



Publisert: 27.06.2016 12:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58