Fleire byter kraftleverandoer
ENERGI: NVE seier auken i straumleverandørbytte kjem av den høge straumprisen i 2018. 
Nytt

Fleire byter kraftleverandør

Talet på straumkundar som bytte kraftleverandør, har auka med 14 prosent det siste året.

18.03.2019
NPK-NTB: Det er rekord, ifølgje NVE.
– Aldri før har fleire kundar bytt kraftleverandør enn i 2018, seier seksjonssjef for sluttbrukarmarknad Guro Grøtterud i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til Nationen.
Tal frå NVE viser at til saman 642.700 straumkundar bytte kraftleverandør i fjor. Av desse var 577.200 hushaldskundar og 65.500 næringskundar. Det er ein auke på 14 prosent frå 2017.

Byter ved høg straumpris

Dei siste fem åra har det vore ein vekst i kraftleverandørbyte på 36 prosent.
Grøtterud seier til avisa at talet på leverandørskifte fell saman med høgare straumpris for 2018 enn 2017. Ho seier at i gjennomsnitt var prisen for spotpriskontraktar i overkant av 50 prosent høgare i fjor enn året før.
Tala til NVE kjem frå deira leverandørskifteundersøkelse, som omfattar alle nettselskap med over 10.000 kundar.
Ved utgangen av 2018 utgjorde dette 37 nettselskap, som til saman dekker 90 prosent av sluttbrukarane i Noreg, skriv avisa.

Publisert: 18.03.2019 08:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32