Jan christian vestre sigurd lillebø optimar foto marius 11
VALDERØYA: Salgsingeniør Sigurd Lillebø (t.v.) var mellom dei som fortalde næringsminister Jan Christian Vestre korleis situasjonen er for Optimar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fleire kontrakter på vent for Optimar

Næringsministeren fekk høyre om Russland-utfordringar, men bedrifta har sleppt permitteringar.

Marius Rosbach
27.05.2022

På tredje forsøk kom næringsminister Jan Christian Vestre fredag omsider på bedriftsbesøk til Ålesund-regionen. Første stopp var Optimar på Valderøya.

Bedrifta lagar utstyr og anlegg for handtering av fisk i fiskeri- oppdrettsnæringa. Russland er ein viktig marknad og Vestre vile vite korleis det påverkar drifta som følgje av krigen i Ukraina.

– Det har til dels dramatiske konsekvenser, kunne finansdirektør Geir Ingebrigtsen fortelje.

Møter byråkratiske problem
Ei av utfordringane er at byråkratiet gjer det vanskeleg å gjennomføre handel med Russland – for varer som ikkje er sanksjonert. Ingebrigtsen viste mellom anna til utstyr som var blitt ståande fast i tollen i fleire månadar i Kirkenes.

Utstyret var bestilt før sanksjonane trådte i kraft, påpeika Ingebrigtsen - men likevel møter dei utfordringar.

– Vi ønsker å fullføre oppdraget på ein skikkeleg måte, og der saknar vi meir handlekraft, sa Ingebrigtsen til Vestre - som lova at han skulle sjå på saka.

Fleire kontrakter sett på vent

50 prosent prisauke på syrefast stål, lang leveringstid frå leverandørar – spesielt på elektriske komponentar - og transport, er mellom utfordringane som har gjort det meir utfordrande for Optimar.

Nye oppdrag for russiske kundar har bedrifta sjølv sett på vent grunna krigen i Ukraina. Men også fleire kontrakter med kundar andre plassar, er utsett grunna usikkerheit hos kunden.

– Vi ser både at leverandørane våre sliter med å levere, og at kundane våre blir meir reserverte, fortel salsdirektør Irene V. Mjelde.

(saka held fram under)

Irene mjelde gier ingebrigtsen optimar foto marius 11
UTFORDRINGAR: Salsdirektør Irene V. Mjelde og finansdirektør Geir Ingebrigtsen i Optimar kunne fortelje om fleire utfordringar grunna krigen i Ukraina. Foto: Marius Rosbach

Slapp permitteringar

Det no tyskeigde selskapet leverte overskot i sitt siste offentlege reknekap frå 2020. Tidlegare i år varsla Optimar permitteringar som følgje av stor usikkerheit.

Fredag kunne HR-sjef Lene Flem Debess fortelje at det ikkje vart noko av.

– I ei periode var det veldig stor usikkerheit, men etter kvart som vi fekk betre oversikt, viste det seg at vi slapp å permittere, fortel ho til NETT NO.

Å rekruttere nye tilsette, er derimot ei utfordring som står i fare for å bremse veksten, også hos Optimar.

Etter kvart som vi fekk betre oversikt, viste det seg at vi slapp å permittere
Lene Flem Debess

Skal besøke fleire bedrifter
Seinare fredag skal næringsministeren besøk Brødrene Sperre på Ellingsøya, før turen går til Spilka Industrier.

Byggvareleverandørane har forventingar til om næringsministeren vil ta initiativ for at Norge kan bli eit føregangsland innan grøn byggevare.

Etterpå møter statsråden fleire aktørar ved Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK), mellom anna Digicat, Framtidslaben og klyngeselskapet GCE Blue Maritime Cluster.

Hit kjem også fleire eksportverksemder, som Kongsberg Maritime.


Eksportsatsing i Ålesund
Regjeringa sin eksportsatsing vil truleg også bl tema under næringsminister Jan Christian Vestre sitt besøk i Ålesund fredag.

Som kjent skrota Vestre ideen om eit Eksportstrategiråd i byen, og gjekk i staden inn for å styrke Innovasjon Norge og Eksfin sine kontor med tilvarande tal stillingar som var lova i det nye eksportkontoret.

Grepet har - ikkje blitt teke godt i mot av alle - spesielt ikkje mellom opposisjonspolitikarane.

Vestre har likevel forsvart grepet med at fleire stillingar på desse kontora, gjer best nytte kampen om å auke eksporten.

Publisert: 27.05.2022 11:01

Sist oppdatert: 15.08.2022 16:10

Mer om