Terje bøe spilka innfelt jan christian vestre foto marius næringsdep 11
KLART ØNSKE: Spilka-sjef Terje Bøe vil at Norge skal bli eit føregangsland i byggvarebransjen og vil diskutere saka når næringsminister Jan Christian Vestre (innfelt) kjem på besøk fredag. Foto: Marius Rosbach/Nærings- og fiskeridepartementet
Nytt

Vil ha Vestre på bana om grøne byggevarer

Spilka med klart ønske når næringsminister gjer sitt tredje forsøk på å besøke Sunnmøre.

Marius Rosbach
25.05.2022

Fredag besøker næringsminister Jan Christian Vestre etter planen ein rekke verksemder i Ålesund-regionen.

Besøket har mellom anna eksport og bærekraft på agendaen og Spilka er mellom dei som har klare forventingar.

Bakgrunnen for at Vestre kjem til byggeindustrikonsernet med hovudkontor på Emblem, er at bedrifta blei oppmoda om å ta kontakt med departementet under statsministerbesøket tidlegare i år. Dei meiner byggebransjen har langt meir å gå på når det kjem til bærekraft og vil drøfte korleis Norge kan bli eit føregangsland.

Vil ha Vestre på bana
I ei orientering frå Spilka før statsrådbesøket viser dei til målsettingane om at klimautsleppa skal blir meir enn halvert, betyr at det trengst omfattande endringar.

For å nå desse trengst «ei tøff og tydeleg prioritering» , heiter det.

– Vi i Spilka er opptekne av innovasjon og bærekraftige løysingar som konkurransekraft, og ønskjer å få næringsministeren på bana i forhold ein mogleg eksportstrategi for grøne byggevarer, uttlaler administrerande direktørTerje Bøe.

Meiner bransjen går «under radaren»

Spilka-sjefen viser til tall som seier at opptil 85 prosent av utsleppa frå byggeprosjekt, kjem frå produksjonen av material.

Han meiner bransjen går «under radaren» i diskusjonen om klimautslepp, fordi mykje av produksjonen skjer utomlands.

– Slik vi ser det er dette eit svært godt utgangspunkt for ein målretta satsning på «grøne» byggevarer i Norge, som igjen kan gi gode eksportmoglegheiter, uttaler Bøe.

Siktar mot eksportauke til EU
Spilka har sett seg store vekstmål som dei ønsker å nå via auka eksport – som også er mellom dei viktigaste uttalte måla til næringsministeren.

I løpet av det siste året har Ålesund-bedrifta mellom anna lansert Spilka Building Solutions, som dei ventar vil bidra til vekst allereie i årets omsetning. I første omgang har dei lansert produkta i den norske marknaden, men deretter sikter dei seg inn mot Norden og Europa.

Det kan vere svimlande marknadsmoglegheiter for meir eksport i byggvarebransjen. Tal frå Prognosessenteret viser at marknaden i Euroconstruct-området, som består av 19 EU-land, er anslått til 500-550 milliardar euro – mellom 5100 og 5600 milliardar norske kroner.

Startar besøket på Optimar
Næringsministeren startar besøket på fredag med besøk hos Optimar på Valderøya og Brd. Sperre på Ellingsøya, før turen går til Spilka Industrier.

Etterpå møter statsråden fleire aktørar ved Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK), mellom anna Digicat, Framtidslaben og klyngeselskapet GCE Blue Maritime Cluster. Hit kjem også fleire eksportverksemder, som Kongsberg Maritime.

Publisert: 25.05.2022 13:01

Sist oppdatert: 28.05.2022 01:21

Mer om